Eit første steg mot ei helseteknologi-klynge i Sunnfjord

- I stadenfor å bruke masse tid på å legge store planar, så kom i gang! Skrap saman dei som har lyst til å bli med, så vil fleire melde seg på etterkvart. Veien blir til mens du går, men ikkje før du begynner å gå :-)

Det var det klare rådet frå Atle Sivertsen i NCE-klynga Finance Innovation i Bergen, som innleia under eit nettverksmøte i regi av IT-Forum Vest på Peak Sunnfjord i Førde i dag. Målet var å kartlegge kva som skal til for å skape ei helseteknologi-klynge i Sunnfjord. I alt 33 personar frå relevante aktørar deltok i det som kan vere spiren til noko nytt og etterspurt i regionen.

Spele på lag

Sivertsen sa dei starta på same måten den gong Finance Innovation blei “fødd”. I dag er det ei nasjonal finansklynge med NCE-status. - Det var ingenting som tilsa at ei finansklynge skulle bli etablert i Bergen, men det var der initiativet kom. Vi var store nok til at vi hadde relevante aktørar rundt oss og små nok til at vi lett kunne samle oss. - Det handlar om å spele på lag for å få til ting i lag. Når vi kjem i lag, så skjer det spennande ting. Vi får svinghjuleffekten, eller nettverkseffekten, sa Sivertsen.

Vil få fleire jenter inn

Forskar, Hilde Corneliussen ved Vestlandsforsking, er ikkje i tvil om at det å kople helse med teknologi, vil bidra til betre rekruttering av jenter og kvinner inn i teknologiutdanning- og fag. I dag er det ei hovudvekt av kvinner som går til helse og eit fleirtal av menn som går til teknologi. Dette skjer framleis, trass i at vi er blitt gode på likestilling i Noreg. Det som motiverer jenter i større grad er å løyse samfunnsproblem med teknologi og å oppleve spennande jobbmoglegheiter innan teknologiyrke. Difor vil det å mikse helse og teknologi bidra til ein betre kjønnsbalanse og ei meir effektiv rekruttering av jenter til teknologistudier.

Diskusjon og workshop

Hilde Corneliussen ved Vestlandsforsking er med i arbeidsgruppa Rekruttering og Mangfald i IT-Forum Vest. Ho har forska på kva som motiverer jenter til teknologistudierC

Etter innlegga var det diskusjon og workshop, der resultatet dannar grunnlaget for arbeidet vidare. Sunnfjord Utvikling vil gjerne ha ei rolle i å følge det opp. Kunnskapsparken, Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet, Innovasjon Norge, politikarar og næringslivsaktørar var alle positive, enten til å dele kunnskap og nettverk, eller finansiere, slik Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane antyda.

IT-Forum Vest si rolle

IT-Forum Vest har som oppgåve å initiere, samordne og sikre felles utviklingsaktivitetar til nytte for heile regionen. Med i arbeidsgruppa Rekruttering og Mangfald er Sparebanken Sogn og Fjordane, Framtidsfylket, Vestlandsforsking, Sunnfjord Utvikling og Høgskulen i Vestland. Alle er strålande fornøgd med både interessa, engasjementet og resultatet av dagen.

Reiel Haugland frå Sparebanken Sogn og Fjordane deltek i arbeidsgruppa og var tidleg ute med eit ønske om å gjere noko som set varige spor. Ein dag som denne sto difor høgt på ønskelista. Han håpa på at det skulle lande nokre puslebitar under samlinga. - At det skulle lande så mange, er rett og slett overveldande!

Nettverksmøtet var i lokala til teknologiklynga i Førde, Peak Sunnfjord.

Anne Mette Hjelle