Vi samlar regionen rundt teknologi som formar framtida!
IT-forum Vest er den regionale arenaen der næringsliv, offentleg sektor og akademia i Vestland samarbeider om å bli tryggare, klokare og betre rusta digitalt. Vi koplar dei som treng kvarandre, og skapar resultat ingen klarer åleine.
VI STÅR FOR NETTVERK, SAMARBEID OG MOBILISERING.
Våre satsingsområde
1. DIGITAL BEREDSKAP OG TILPASSINGSEVNE
Vi hjelper verksemder og organisasjonar i Vestland til å vere ein god del av totalberedskapen i Noreg. Målet er å byggje beredskapskultur, ikkje berre beredskapsplanar, og å løfte digital tryggleik frå IT-problem til leiingsansvar.
FOKUS: Vi tek særleg omsyn til å involvere og mobilisere aktørar i Vestland, der vi ser behovet for ein uavhengig, samlande arena er størst og tilgangen til ressursar er minst.
2. KOMPETANSE, INKLUDERING OG REKRUTTERING
Vi arbeider for at fleire kjem inn i teknologifeltet, og at ingen fell utanfor det digitale samfunnet. Ein region som rekrutterer breitt og sikrar at alle kan delta digitalt, er ein region med sterkare innovasjonsevne og betre beredskap.
TVERRGÅANDE: Kunstig intelligens og digital bereskap er ikkje eigne mål. Dei er linser vi brukar på alt vi gjer.
3. SAMORDING, SAMARBEID OG STRATEGISK PÅVERKNAD
Vi koplar aktørar, løftar felles behov og samlar regionale interesser der det tel. Vi er Vestland si faglege stemme i digitalisering overfor fylkeskommune, nasjonale styresmakter og internasjonale program.
VI PRIORITERER: Tryggleik før fart. Forståing før verktøy. Menneske før teknologi.