God energi på årsmøtet!
Eit årsmøte er eit viktig formelt møte, men også ein “syretest”. Det handlar om å gå gjennom året vi har lagt bak oss, få oversikt, evaluere og sette retning for vidare arbeid. Det gjorde vi på Skei 23. april. Rekneskap, årsmelding og budsjett er godkjent og vi har gjennomført val. Gunhild Berge Stang, dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling, tek over styreplassen etter ordførar, Jenny Følling. Elles er styret uendra.
Alle dei formelle underlagsdokumenta ligg i forrige Aktuelt-sak og i arrangementet.
Takk til leiar av Vilje Helseklynge, Gro Rukan, for hennar bidrag under årsmøtet. IT-forum Vest har vore, er og vil halde fram med å vere ein engasjert og støttande partner i helseklynge-satsinga.
Med på årsmøtet var representantar for Digdir, Helse Førde, Statsforvaltaren i Vestland, Framtidsfylket, Vestlandsforsking, Cloudway as, Lotteri- og stiftelsestilsynet, Innovasjon Norge, Bergen Fiber as og Sognenett as.