Arrangement
Techpub for Nordfjord
Techpub for Nordfjord - denne gong på Sandane!
Dato: 3.9.2026
Tid: Kl. 17:30 - 19:45
GRATIS FOR ALLE!
Bli med på ny TechPub med innlegg, mat og mingling. Denne gong er vi på Gloppen Hotell på Sandane og i samarbeid med Gloppen Næringsorganisasjon!
TechPub er ein uformell møteplass for alle som er interessert i teknologi – enten du er gründer, student, leiar, IT-ansvarleg eller berre nysgjerrig på kva som rører seg i den digitale verda. Her kan du møte likesinna, dele idéar, bli inspirert og kanskje til og med finne nye samarbeidspartnarar.
Det blir korte faginnlegg om teknologi (sjå program), vi byr på ein matbit (pizza)og det blir sal av forfriskningar.
TechPub held fram etter fagprogrammet, slik at du kan henge med andre techinteresserte i Nordfjord.
Program:
17:30 - 18:00 Mat og mingling.
18:00 - 18:05
Velkomen v/Merethe Stave, senior cloud architect i CloudWay / Norwegian Microsoft 365 Community og Anne Mette Hjelle/IT-forum Vest
18:05 - 18:25
Norse Materials ved CEO, Frode Lindvik. Teknologi i materialutvikling og ei praktisk tilnærming til kva nytte og bruk vi som tradisjonell industribedrift har av KI.
18:25 - 18:45
Jarle Gjengedal, advokat og personvernombod i Convene Group. Alle brukar KI no – er verksemda klar for det? Eit kort innblikk i personvern, sikkerheit og erfaringar frå arbeidslivet.
18:45 - 19:05 Pause og Pizza
19:05 - 19.25
Caverion v/Ann Kristin Longva, avd.leiar Nordfjordeid. Teknologi i energieffektivisering, rehabilitering, nybygg, service og drift av bygg.
19:25 - 19:45 “Rundt bordet”-samtalar om kva dette betyr for oss i Nordfjord - deling i plenum
19:45 - Mingling og prat rundt bordet
Stor takk til Caverion som sponsar pizza. Vi treng å vite ca. kor mange vi blir, så fint om du melder deg på her.
Studietur til Paris
Bli med på studietur til Paris
Europas mest spanande teknologihovudstad!
IT-forum Vest i samarbeid med Innovasjon Norge inviterer deg med på studietur til Paris 14.–15. september 2026!
Kva krevst av økosystem og bedrifter for at norske teknologibedrifter skal lukkast med internasjonal skalering?
Det er det overordna temaet når vi i år reiser til ein av Europas mest spanande teknologihovudstadar. Meld deg på her. Påmeldingsfrist er i utgangspunktet 19. juni, men vi kan opne opp for påmelding også etter det.
Kva får du ut av turen?
Innsikt i korleis Frankrike har jobba strategisk med å løfte teknologibedrifter dei siste 15 åra, også i lys av den geopolitiske situasjonen og beredskap
Læring frå franske og norske teknologibedrifter som har lukkast med skalering
Kunnskap om den franske marknaden og moglegheiter for norske bedrifter
Innsikt i EU-program: finansiering, kompetanse og nettverk
Høve til å etablere verdifulle kontaktar for framtidig etablering eller vekst
Fagleg og sosialt program i korte trekk (under arbeid)
Søndag 13. september
For dei som vil reise til Paris helga i forkant av det faglege programmet, planlegg vi for ein sosial dagstur til Champagne-distriktet med felles middag om kvelden. Vi kartlegg interessa for dette tilbodet i påmeldingsskjemaet. Lenke til skjema finn du under.
Måndag 14. september - sentrum av Paris
Formiddag hos Innovasjon Norge Paris. Introduksjon til den franske marknaden og moglegheiter for norske bedrifter.
Ettermiddag hjå BPI France (fransk søsterorganisasjon til Innovasjon Norge), om kompetanseprogram, nettverk og investeringsmoglegheiter.
Tysdag 15. september - Station F
Heildagsbesøk på Station F, Europas største inkubator for oppstarts- og skaleringsbedrifter, med innsikt frå bedrifter som har lukkast med skalering.
Kven er studieturen for?
Turen er open for:
medlemsbedrifter i IT-forum Vest
bedrifter i Vestland med ambisjon om å skalere internasjonalt
investorar, akselleratorar, næringsselskap, bankar og andre relevante aktørar i økosystemet for næringsutvikling
Deltakaravgift:
kr 7 000,- eks. mva. for medlemsbedrifter i IT Forum Vest
kr 10 000,- eks. mva. for andre
Prisen inkluderer fagleg opplegg, lunsj 14. og 15. september og middag på kvelden 14. september.
NB! Bedrifter med ambisjon om å skalere internasjonalt kan søke om redusert deltakaravgift.
Merk: Reise og hotell kjem i tillegg og må bestillast av kvar enkelt.
Vi kjem tilbake med praktisk info som anbefaling til flyruter og hotell i eiga melding til påmelde deltakarar.
Sjå også vedlagte presentasjon med meir utfyllande informasjon.
Har du spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt.
Vi gleder oss til å sjå deg i Paris!
Helsing
Anne-Mette Hjelle, tlf.nr. 99 28 43 02 og Hjørdis Vik tlf.nr. 93 89 01 88
(Kontaktpersonar for turen i regi av IT-forum Vest)
TechPub på Peak Sunnfjord
Bli med på Techpub på Peak
Kva skjer når eit menneske treng hjelp? Når ein storm nærmar seg? Når vi overvåkar eit bygg, eller eit fjell? Teknologi er ikkje abstrakt. Den reddar liv, forhindrar ulykker, og gjer oss trygge. Kvar einaste dag. I denne techpuben møter du folk som bygger og brukar desse systema i praksis.
Kom og lær meir om korleis observasjon, automatisering og intelligens gjer Sunnfjord – og Norge – tryggare
Dette arrangementet, der Vilje Helseklynge og Atea er medarrangørar, passar for deg som jobbar med teknologi, eller berre er nysgjerrig på kva teknologi kan gjere for oss.
Program
17:30–18:00
Velkomst: Pizza (spandert av Tekna), bar og uformelt mingel.
18:00–18:05
Velkomen v/Anne Mette Hjelle (IT-forum Vest), Gro Rukan (Vilje Helseklynge) og Kristine Sand Johnsen (Atea)
18:05–18:25
Alarmsentralen IKS: Korleis vi passar på folk i 16 kommunar i gamle Sogn og Fjordane, kvar einaste dag.
Roy Humlestøl, teknikar i Alarmsentralen
18:25–18:45
Atea – E-helse og kapasitet
Fleire eldre utan fleire tilsette, og mange meiningar om teknologi. Korleis navigerer Atea mot å doble omsorgskapasiteten i kommunane?
Jo Inge Gåsvær, rådgivar i velferdsteamet i Atea
18:45–19:05
Pause: Bar, snacks og tekprat ved borda
19:05–19:25
NVE – sikkerheit og beredskap
Teknologisk overvaking av natur- og fjellparti: satellittar, radarar og varsling
Brigt Samdal, direktør for skred- og vassdragsavdelinga i NVE
19:25–19:45
Automatisering i praksis
Intelligente løysingar som overvåkar og kontrollerer system innan bygg, vatn, avløp og maritim sektor
Andre Narud Simonsen, Normatic
19:45–20:05 Pause: Tekprat og mingel
20:05–20:25
Robotar og autonome system
Når robotar blir autonome – vegen til store åtferdsmodellar og framtida
Per Christian Engdal, assisterande instituttleiar, HVL Førde
20:25–20:40
Refleksjon og diskusjon – open mikrofon
Kva tek du med deg? Kva kan vi gjere i Sunnfjord?
20:40–21:30
Open mingel
Snakk med innleiarar, fagfolk og andre frå regionen
Arrangementet er gratis, men du må booke deg billett i forkant.
Techpub for Nordfjord
Ny TechPub for Nordfjord
Dato: 29.4.2026
Tid: Kl. 17:30 - 19:45
GRATIS FOR ALLE!
Bli med på ny TechPub med innlegg, mat og mingling!
TechPub er ein uformell møteplass for alle som er interessert i teknologi – enten du er gründer, student, leiar, IT-ansvarleg eller berre nysgjerrig på kva som rører seg i den digitale verda. Her kan du møte likesinna, dele idéar, bli inspirert og kanskje til og med finne nye samarbeidspartnarar.
Det blir korte faginnlegg om teknologi (sjå program), vi byr på ein matbit (pizza)og det blir sal av forfriskningar.
TechPub held fram etter fagprogrammet, slik at du kan henge med andre techinteresserte i Nordfjord.
Program:
17:30 - 18:00 Mat og mingling.
18:00 - 18:05 Velkomen v/Merethe Stave, senior cloud architect i CloudWay / Norwegian Microsoft 365 Community og Anne Mette Hjelle/IT-forum Vest
18:05 - 18:25 Altinn 3 - kva er det? Høyr om nye Altinn, kva det går ut på og kva som skjer vidare ved Livar Bergheim i Digdir
18:25 - 18:35 Møt ny adm. dir. i Normatic, André Narud Simonsen. Han tek oss med inn i teknologien bak Normatic – frå webbasert driftskontroll og prosesstyring til systemintegrasjon og programvare som held avanserte anlegg i gang døgnet rundt.
18:25 - 18:50 Pause og Pizza
18:50 - 19.15 Norsk KI-strategi uten algoritmetilsyn: Eit innblikk i korleis norske myndigheiter skildrar styring av kunstig intelligens, og kva forventningar og bekymringar som blir løfta i nasjonale strategier v/Eirin Kjerstad Bøe, seniorkonsulent i Politiet
19:15 - 19:45 “Rundt bordet”-samtalar om kva dette betyr for oss i Nordfjord - deling i plenum
19:45 - Mingling og prat rundt bordet
Stor takk til Normatic som sponsar pizza. Vi treng å vite ca. kor mange vi blir, så fint om du melder deg på her.
Årsmøte på Skei
Bli med på årsmøte på Skei 23. april 2026
IT-forum Vest inviterer medlemmer og andre interesserte til årsmøtesamling torsdag 23. april på Grand Hotel Skei.
Før lunsj blir det ein meir uformell del med presentasjon og diskusjon ny strategi og enkelte satsingsområde. Etter lunsj blir det formelt årsmøte med årsmelding, årsrekneskap, budsjett og val. Bli med, men meld deg på slik at vi veit kor mange og kven som deltek mtp. servering.
Dokument til årsmøtet:
VR til bruk i helsesektoren
Velkomen til ein dag med fokus på VR-teknologi til helsesektoren! Vilje Helseklynge er hovudarrangør, med IT-forum Vest som medarrangør.
Her får du høyre om ulik bruk av VR og teste ulike løysingar til bruk innan utdanning, simuleringstrening, pasientoppfølging med meir. Målgruppa for dagen er studentar, tilsette i utdannings- eller helsesektoren, forskingsmiljø, næringslivet, gründerar og andre.
Programmet vert oppdatert fortløpande på viljehelseklynge.no, men her er tema på seminaret:
Tema på seminaret
Om VR teknologi, Keith Mellingen, klyngeleiar, VRINN
Personvern, Sindre Bakken, Helse Vest IKT
Førebu seg på psykisk ustabile pasientar, Per-Erik Eide Hjelle, Helse Førde, ambulansetenesta
Læringsutbytte ved bruk av VR, Lars Kyte, HVL
VR i utdanning av helsepersonell, Marianne Hoff, VID vitenskaplige høgskole
VR i rehabilitering, Tarja Kvalheim, Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter
Frå leik til klinikk: VR som preoperativt verktøy? Ahmed Chaudhary, Helse Førde
VR i demensomsorga, Stig Ekeberg, Making View
Panelsamtale: VR og simuleringspedagogikk
– leia av Pål André Hegland, InterregSim, Helse Førde
Stands
Arrangørar
Vilje helseklynge, Helse Vest IKT, Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet, HVL Skape, Fagskulen Vestland, og IT-Forum Vest
TechPub for Nordfjord
Start nyåret med Techpub for Nordfjord!
Dato: 29.1.2026
Tid: Kl. 17:30 - 19:45
GRATIS FOR ALLE!
Vi gjentek suksessen og går for ny TechPub med innlegg, mat og mingling!
TechPub er ein uformell møteplass for alle som er interessert i teknologi – enten du er gründer, student, leiar, IT-ansvarleg eller berre nysgjerrig på kva som rører seg i den digitale verda. Her kan du møte likesinna, dele idéar, bli inspirert og kanskje til og med finne nye samarbeidspartnarar.
Det blir korte faginnlegg om teknologi (sjå program), vi byr på ein matbit (pizza)og det blir sal av forfriskningar.
TechPub held fram etter fagprogrammet, slik at du kan henge med andre techinteresserte i Nordfjord.
Program:
17:30 - 18:00 Mat og mingling.
18:00 - 18:05 Velkomen v/Merethe Stave, senior cloud architect i CloudWay / Norwegian Microsoft 365 Community og Anne Mette Hjelle/IT-forum Vest
18:05 - 18:25 Smakebitar av det siste nye KI frå Microsoft og andre:
Siste nytt frå Microsoft Ignite v/Merethe Stave, CloudWay as (pdf)
Techtrendar som vil prege 2026 v/Anne Mette Hjelle, Ymsir as / IT-forum Vest (pdf)
18:25 - 18:50 Pause og Pizza
18:50 - 19.15 “Rundt bordet”-samtalar om kva dette betyr for oss i Nordfjord
19:15 - 19:45 Sceneprat, open mikrofon med mini-innlegg (vi ser deg gjerne på scena) og spørsmålsrunde
19:45 - Mingling og prat rundt bordet
Takk til SFE for sponsing av pizza! Det viser at dei er med på å støtte det lokale techmiljøet i Nordfjord!
IT-forum Vest-konferansen 2025
Digital beredskap i praksis - er vi klare når det skjer?
Vil du bli betre rusta til å takle digitale truslar og hendingar i eiga verksemd? Bli med på årets IT-forum Vest-konferansen!
I år inviterer vi til ein dagskonferanse som gjer digital beredskap både konkret og handterbar. Samtidig får du møte gamle kjente og/eller bli kjent med nye alliansepartnarar og pådrivarar for ei god framtid for Vestland gjennom offensiv bruk av teknologi.
PROGRAM:
09:00 - 09:20: Opning og gjensyn med “vår” konferansier - teknologioptimisten Eirik Norman Hansen. Gjer deg klar for hans engasjerande, underhaldande og lærerike måte å leie oss gjennom konferansen på!
09:20 - 09:45: Bli med på innsida av Atea Red Team. Tech-Lead for penetrasjonstest-teamet, Erik Vetle Larsen, viser kor lett det er å manipulere oss og gjennomføre datainnbrot via e-post, mobiltelefon, eller ein tilfeldig samtale. Kanskje blir det ein mystery challenge?
09:45 - 10:10: Når truslane blir meir komplekse og kommunikasjonssystem kan svikte, er samarbeid, koordinering og felles situasjonsforståing heilt avgjerande.
Oliva Bakketun vil fortelje om korleis Statsforvaltaren arbeider med å byggje beredskap på tvers av sektorar, slik at viktige samfunnsfunksjonar fungerer også når krisa råkar.
10.10 - 10:35: PAUSE
10:35 - 11:00: Høyr sjef ved PST Vest, Torgils Lutro, fortelle om reelle sikkerheitshendingar i regionen, m.a. manipulering av styringssystem ved damanlegget i Bremanger.
Han har utdanning og arbeidserfaring frå forsvaret og politiet, og har vore sjef ved PST Vest (Vest politidistrikt) i 4 år. PST har hovudkontor i Oslo, men har PST-einingar i alle politidistrikt. Lutro si eining arbeider etter same mandat som PST sentralt: Etterretning, terror, spreiing av masseøydeleggelsesvåpen / eksportkontroll og beskyttelse av myndigheitspersonar.
11:00 - 11:30: Spesialisthelsetenesta forvaltar store verdiar, bl.a. personopplysningar, helseopplysningar og forskningsdata. Dette gjer at spesialisthelsetenesta tiltrekk seg merksemd frå svært avanserte trusselaktørar.
Kva opplever Helse Vest av cyberangrep/sikkerheitshendingar? Kva gjer dei for å beskytte seg? Lær av CISO/informasjonssikkerhetsleder, Aksel Bruun i Helse Vest IKT.
11.30 - 12.30: LUNSJ
12:30 - 12:55: Breiband og beredskap på Vestlandet. Rigging av robuste telenett for framtida v/Harald Wium Lie i Analysis Mason.
12:55 - 13:20: Møt dekningsdirektør i Telenor Norge, Bjørn Amundsen. Han har vore dekningsdirektør i Telenor Norge i over 30 år og få kjenner Norge betre enn han.
Bjørn køyrer nesten 80.000 km i Noreg kvart år (dette tilsvarar 2 gongar rundt ekvator) for å sikre at mobildekninga er så god som overhodet mogleg.Høyr hans innlegg: Mobilnettet skal virke til kvardags, krise og krig.
13:20 - 13:45: I Sverige har dei opplevd fleire titals sabotasjeaksjonar mot fiber og mobilmaster berre sidan påske. Kva opplever Bergen Fiber og kva gjer dei for å vere klare om det skjer her? Møt direktør for Innsikt og Compliance i Bergen Fiber, Cecilie Moe Garmannslund.
Ho har 25 års erfaring innan telekom, dei siste 8 åra hos Bergen Fiber. Ho brenn for å få fram verdien av systematisk arbeid med sikkerheit og beredskap. Høyr hennar innlegg: Verdien av digital beredskap.
13:45 - 14:15: PAUSE
14:15 - 14:40: Til sjuande og sist er det folka våre som kan vere vår største risiko, men også vår beste beredskap. Korleis sikre at dei veit kva dei skal gjere? Møt Merethe Stave, Chief Customer Officer og Senior Cloud Architect i CloudWay.
Ho er ein bloggar og anerkjend foredragshaldar og har bidratt på konferansar som Modern Workplace i Paris, SharePoint Saturday i London og fleire gonger i Teams Nations online-konferansen. Ho blei i 2020 kåra til ein av Norges 50 fremste kvinner i tech.
14:40 - 15:40: Simulering av cyberangrep og tverrfagleg beredskap i praksis v/Eirik Norman Hansen
15:40 - 16:00: Presentasjon av verktøykassa for god beredskap. Framtidsblikk og oppsummering av dagen.
VEL HEIM!
Medlemmer får ein prisfordel, sjå under for meir info og påmelding.
I år har vi flytta oss frå Vestlandshuset til nyoppussa Grand Hotel Terminus og Terminus Hall. Dette er Bergens “Grand Old Lady”, rett ved togstasjonen.
Om du ønsker å bestille hotellrom på Grand Hotel Terminus, så kan du gjere det direkte ved å sende e-post til resepsjon@grandterminus.no eller ved å ringe telefon 55 21 25 00 - tastevalg resepsjon. Du kan også gå inn på deira booking-sider.
Denne videoen (Vedvik Photography) er frå vår konferanse i 2024 i Vestlandssalen i Vestlandshuset.
Representantar frå desse verksemdene er tilstades under konferansen:
Atea AS
Bergen Fiber
Bergen kommune
CloudWay AS
Digitaliseringsdirektoratet
DigiVestland
Enivest AS
Eviny Fiber AS
Hardanger Energi Breiband AS
Helse Førde
Helse Vest IKT
Høgskulen på Vestlandet
ITEAM 10 AS
Kvam Kraftverk AS
Kvamnet AS
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Palo Alto Networks
Paneda AS
Sogndal kommune
Sognenett AS
Proactima AS
Sunnfjord kommune/KS
Statsforvaltaren Vestland
Stiftinga Vestlandsforsking
Strøyma AS
Telenor Norge AS
Tussa IKT AS
UBSC AS
Vestland fylkeskommune
Vestland fylkeskommune, Næring, Plan og Innovasjon
Vestland fylkeskommune, IKT og digitalisering
Voss Fiber AS
Ymsir AS
Avmelding og refusjon
Avmelding fram til 4.11.2025 er kostnadsfritt med full refusjon. I perioden mellom 4.11 og 11.11 kan ein melde seg av med 50% refusjon, deretter er påmeldinga bindande og vert ikkje refundert. Namn på deltakar kan ev. endrast.
Ved ev. myndigheitspålagt forbod mot å gjennomføre konferansen, vil konferansen bli flytta til nytt tidspunkt. I slike tilfeller kjem vi tilbake med ny informasjon.
TechPub Nordfjord
Bli med på ny Techpub for Nordfjord!
Dato: 2.10.2025
Tid: Kl. 17:30 - 19:45
GRATIS FOR ALLE!
Vi gjentek suksessen og går for ny TechPub med innlegg, mat og mingling!
TechPub er ein uformell møteplass for alle som er interessert i teknologi – enten du er gründer, student, leiar, IT-ansvarleg eller berre nysgjerrig på kva som rører seg i den digitale verda. Her kan du møte likesinna, dele idéar, bli inspirert og kanskje til og med finne nye samarbeidspartnarar.
Det blir korte faginnlegg om teknologi (sjå program), vi byr på ein matbit (pizza)og det blir sal av forfriskningar.
TechPub held fram etter fagprogrammet, slik at du kan henge med andre techinteresserte i Nordfjord.
Program:
17:30 - 18:00 Mat og mingling.
18:00 - 18:05 Velkomen v/Merethe Stave, senior cloud architect i CloudWay / Norwegian Microsoft 365 Community og Anne Mette Hjelle/IT-forum Vest
18:05 - 18:30 Fysisk KI. Peder Smart Sefland, CEO BrAInXR Company
18:30 - 18:50 Pause og Pizza
18:50 - 19.10 Digital nattevakt og helseteknologi v/Hilde Barmen, rådgjevar helseteknologi i Stad kommune
19:15 - 19:45 Sofaprat, open mikrofon/spørsmålsrunde, oppsummering
19:45 - Mingling og prat rundt bordet
Påmelding: Vi treng å vite ca. kor mange vi blir mtp. pizza, så fint om du melder deg på her.
Symposium: KI, utdanning og forsking - kva gjer vi no?
Kva slags forsking og samarbeid treng vi for å møte kunstig intelligens i utdanning og forskning? Kvar ligg moglegheitene for å jobbe saman – på tvers av fag, sektorar og institusjonar?
Bli med når IT-forum Vest saman med HVL m.fl. inviterer til sympsium om KI, utdanning og forsking. Kva gjer vi no?
Kva slags forsking og samarbeid treng vi for å møte kunstig intelligens i utdanning og forskning? Kvar ligg moglegheitene for å jobbe saman – på tvers av fag, sektorar og institusjonar?
Symposiet startar med ein panelsamtale leia av Kristine Ludvigsen frå Avdeling for utvikling av læring og undervisning (ALU) på HVL . Deltakarar frå ulike organisasjonar vil kort presentere kven dei er, og peike på ei problemstilling dei ønskjer å få drøfta i fellesskap. Deretter går vi over i kafédialog – ein samtaleform der vi fordjupar oss vidare i tematikken som blei presentert frå panelpresentasjonane.
Panelpresentasjonane vil føregå på engelsk, medan kafedialogen er på norsk. Her vil Øyvind Heimset Larsen i IT-forum Vest delta. Etter kafedialogen vil Kristine Ludvigsen oppsummere symposiumet.
Arrangementet gir rom for å vere nysgjerrig, konkret, spørjande og aktiv.
Målet er ikkje å bli einige, men å få oversyn, bygge kontaktar og fange opp idear til mogleg vidare samarbeid – spesielt knytt til utdanning, teknologi og forsking.
Påmelding skjer via e-post til Jan.Erik.Olmheim@hvl.no for å delta på symposiumet.
Ope arrangement tidlegare på dagen
Om du vil delta på det opne arrangementet i Sogndal kulturhus mellom kl. 10.00 og 11.30, så les meir og meld interesse på FB-arrangementet https://fb.me/e/3ljIwClf1
TechPub for Nordfjord
Bli med på TechPub for Nordfjord!
Innlegg, mat og mingling
Bli med på TechPub på Magnifikk på Nordfjordeid! Dette er ein uformell møteplass for alle som er interessert i teknologi – enten du er gründer, student, leiar, IT-ansvarleg eller berre nysgjerrig på kva som rører seg i den digitale verda. Her kan du møte likesinna, dele idéar, bli inspirert og kanskje til og med finne nye samarbeidspartnarar.
Det blir korte faginnlegg om teknologi, vi byr på ein matbit og det blir sal av forfriskningar.
TechPub held fram etter fagprogrammet, slik at du kan henge med andre techinteresserte i Nordfjord.
Program:
17:30 - 18:00: Mat og mingling. Velkomen!
18:05 - 18:30: #IT-sikkerheit. Er det fortsatt mulig å beskytte seg selv? Tomas Andersen, sikkerhetsansvarleg i LocalHost
18:30 - 18:55: Har du god Teams-kultur? Bli klar for Copilot v/Merethe Stave, senior cloud architect i CloudWay/Norwegian Microsoft 365 Community
18:55 - 19:15: Kva kan KI gjere for deg? Demo og praktiske døme av ulike KI-verktøy v/rådgjevar Anne Mette Hjelle, Ymsir AS/IT-forum Vest
19:15 - 19:45: Sofaprat, open mikrofon/spørsmålsrunde, oppsummering
19:45 - Mingling og prat rundt bordet
Påmelding: Vi treng å vite ca. kor mange vi blir mtp. pizza, så fint om du melder deg på her. Maten er raust sponsa av LocalHost i Måløy :-)
IT-forum Vest samarbeider med Inviro også om dette arrangementet. Takk til Inviro!
Studietur til København
IT-forum Vest arrangerer studietur til København. Målgruppa er medlemmer, men også ikkje-medlemmer kan be om å delta.
Program:
Det blir ei god blanding av:
Inspirasjonsbesøk og fagleg påfyll
Tid til refleksjon og samtalar
Sosialt og godt fellesskap
Høgdepunkt:
Middag og hygge med heile gruppa søndag og måndag kveld. IT-forum Vest betaler maten begge kveldar.
Kontaktperson i IT-forum Vest er Anne Mette Hjelle, annemette@itforumvest.no Tlf.: 99 28 43 02
IT-forum konferansen 2024, Bergen
Teknologien viser “tenner” og det blir vesentleg å ta styring. Samstundes skal vi utvikle oss og utnytte potensialet i ny teknologi. Korleis balanserer vi desse omsyna? Det blir den raude tråden i årets IT-forum konferanse!
Hybridseminar om KI og pedagogikk
Kunstig intelligens i skule og oppvekst er eit aktuelt tema. I dette korte seminaret har HVL henta inn Odin Nøsen til å inspirere oss. Mellom anna fordi han har laga ein nettstad med kunstig intelligens for elevar og lærarar i Randaberg.
IT-forum Vest er medarrangør på grunn av godt tema, kompetanse, samt vårt ønskje om å støtte initiativ som føl opp vår tidlegare tradisjonsrike fagkonferanse for it på tvers av oppvekst og skuleslag i regionen.
Mål for dagen: Fokus på kunstig intelligens i pedagogisk arbeid i skule og utdanning.
Ambisjonen er at partnarskapen ønskjer å bygge eit miljø for kompetanse og samarbeid på KI i pedagogikk på tvers av oppvekst og skuleslag til beste for regionen.
Kva ynskjer me å få til denne dagen:
• Lærarar og forskarar får eit innblikk i korleis ein pratemotor fungerer og korleis denne kan nyttast i ein studiesituasjon.
• Samarbeid på tvers mellom aktørar innan kunstig intelligens, skule og utdanning
Seminaret er ope for alle interesserte. Det er gratis og utan krav om påmelding. Du kan delta på Zoom eller møte opp i Guristova (2.etasje) ved campus Sogndal.
PROGRAM
Kl 10.15 – 10.20 Velkomen ved Eivind Rogne og Jan Erik Ølmheim, HVL
Kl 10.20 - 10.50 Pratemotor i PfDK-studiet v/ Odin Nøsen
Kl 10.50 – 11.00 Pause
Kl 11.00 – 11.15
Panelsamtale om bruk av KI i skulen, pratemotorar, forsking frå skule og utdanning saman med IT- forum Vest – Øyvind H. Larsen, Vestlandsforsking – Malin Waage og avdeling for utvikling av læring og undervisning (ALU)- Kristine Ludvigsen.
Praktisk møteinformasjon:
https://hvl.zoom.us/j/66748587146?pwd=XVTdrCkPnCFQMCJOZMaRSL0nfF7skN.1
Meeting ID: 667 4858 7146 Passcode: 742572
IT-forum konferansen 2023, Bergen
Konferansen er frå lunsj-til-lunsj på Vestlandshuset, i storsalen. Festmiddag om kvelden blir i nabobygget, Scandic Ørnen.
Dette blir årets tema:
Kunstig intelligens: Kan KI supplere eller erstatte den humankapitalen vi manglar på Vestlandet, eller gir det oss fleire utfordringar? Ei fersk NHO-undersøking viser at bedriftene enno ikkje brukar KI i det daglege. Bli oppdatert og høyr døme frå dei som gjer seg nytte av kunstig intelligens.
Breiband: Konkurransen i breibandbransjen blir skjerpa gjennom ny regulering. Kva betyr det for oss i vår region?
Digitalisering: Korleis digitalisere for å inkludere? Korleis bygge inn digitalisering i ein splitter ny vidaregåande skule? Kva skjer "under panseret" når to bankar skal bli nye partnarar i kvardagen? Kva er dei siste trendane og kva kan vi bruke dei til i kvardagen?
Årsmøte for 2022
Årsmøtet for 2022 skjer 22. mars 2023, kl. 11.00 - 15.00, på Thon Partner Hotel, Førde. Innkalling er sendt på e-post og i sosiale medium to veker før.
IT-forum-konferansen 2022, Voss
Etter oppfordring frå mange, arrangerer vi ny IT-konferanse - den første etter at vi utvida til Vestland. Her finn du generell informasjon, program og oversikt over bedrifter og verksemder som er representert med deltakarar.
Digitalt frukostmøte: Slik "boostar" vi Vestland!
Vil du høyre korleis store draumar blir verkelege og om vi har godt nok nett i Vestland til gigabit-samfunnet?
Vi har samla spennande folk frå både næringsliv og offentleg sektor for å gje deg inspirasjon, motivasjon og konkrete råd og tips. Bli med!
Program og påmelding for IT-forum haustsamling 2018, 20.-21.nov i Førde
Program for IT-forum si opne haustsamling for medlemmar og alle interesserte er lansert.
I dag har vi hatt møte med digitaliseringsminister Nikolai Astrup
Vi har diskutert kva nedlegginga av Telenor sitt kobbarnett betyr for oss og midlar til fiberutbygging i Sfj