Tilbake til alle arrangementer

Studietur til Paris


  • Innovasjon Norge 16 Rue Washington Paris, IDF, 75008 France (kart)

Bli med på studietur til Paris

Europas mest spanande teknologihovudstad!

IT-forum Vest i samarbeid med Innovasjon Norge inviterer deg med på studietur til Paris 14.–15. september 2026!

Kva krevst av økosystem og bedrifter for at norske teknologibedrifter skal lukkast med internasjonal skalering?

Det er det overordna temaet når vi i år reiser til ein av Europas mest spanande teknologihovudstadar. Meld deg på no og seinast innan 15. juni!


Kva får du ut av turen?

  • Innsikt i korleis Frankrike har jobba strategisk med å løfte teknologibedrifter dei siste 15 åra, også i lys av den geopolitiske situasjonen og beredskap

  • Læring frå franske og norske teknologibedrifter som har lukkast med skalering

  • Kunnskap om den franske marknaden og moglegheiter for norske bedrifter

  • Innsikt i EU-program: finansiering, kompetanse og nettverk

  • Høve til å etablere verdifulle kontaktar for framtidig etablering eller vekst 


Fagleg og sosialt program i korte trekk (under arbeid)

Søndag 13. september

  • For dei som vil reise til Paris helga i forkant av det faglege programmet, planlegg vi for ein sosial dagstur til Champagne-distriktet med felles middag om kvelden. Vi kartlegg interessa for dette tilbodet i påmeldingsskjemaet. Lenke til skjema finn du under.

Måndag 14. september - sentrum av Paris

  • Formiddag hos Innovasjon Norge Paris. Introduksjon til den franske marknaden og moglegheiter for norske bedrifter.

  • Ettermiddag hjå BPI France (fransk søsterorganisasjon til Innovasjon Norge), om kompetanseprogram, nettverk og investeringsmoglegheiter.


Tysdag 15. september - Station F

  • Heildagsbesøk på Station F, Europas største inkubator for oppstarts- og skaleringsbedrifter, med innsikt frå bedrifter som har lukkast med skalering.

Kven er studieturen for?

Turen er open for:

  • medlemsbedrifter i IT-forum Vest

  • bedrifter i Vestland med ambisjon om å skalere internasjonalt

  • investorar, akselleratorar, næringsselskap, bankar og andre relevante aktørar i økosystemet for næringsutvikling

Deltakaravgift: 

kr 7 000,- for medlemsbedrifter i IT Forum Vest

kr 10 000,- for andre 


Prisen inkluderer fagleg opplegg, lunsj 14. og 15. september og middag på kvelden 14. september. 

NB! Bedrifter med ambisjon om å skalere internasjonalt kan søke om redusert deltakaravgift. 

Merk: Reise og hotell kjem i tillegg og må bestillast av kvar enkelt. 

Vi kjem tilbake med praktisk info som anbefaling til flyruter og hotell i eiga melding til påmelde deltakarar.


Sjå også vedlagte presentasjon med meir utfyllande informasjon

Har du spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt.
Vi gleder oss til å sjå deg i Paris!        

Helsing

Anne-Mette Hjelle, tlf.nr. 99 28 43 02 og Hjørdis Vik tlf.nr. 93 89 01 88

(Kontaktpersonar for turen i regi av IT-forum Vest)



Forrige
Forrige
29. april

Techpub for Nordfjord