Tilbake til alle arrangementer

Techpub for Nordfjord

  • IT-Forum Vest 16 Sørstrandsvegen Sandane, Vestland, 6823 Norway (kart)

Techpub for Nordfjord - denne gong på Sandane!

Dato: 3.9.2026

Tid: Kl. 17:30 - 19:45

GRATIS FOR ALLE!

Bli med på ny TechPub med innlegg, mat og mingling - denne gong på Gloppen Hotell på Sandane!

TechPub er ein uformell møteplass for alle som er interessert i teknologi – enten du er gründer, student, leiar, IT-ansvarleg eller berre nysgjerrig på kva som rører seg i den digitale verda. Her kan du møte likesinna, dele idéar, bli inspirert og kanskje til og med finne nye samarbeidspartnarar.

Det blir korte faginnlegg om teknologi (sjå program), vi byr på ein matbit (pizza)og det blir sal av forfriskningar.

TechPub held fram etter fagprogrammet, slik at du kan henge med andre techinteresserte i Nordfjord.

Program:

17:30 - 18:00 Mat og mingling.

18:00 - 18:05

Velkomen v/Merethe Stave, senior cloud architect i CloudWay / Norwegian Microsoft 365 Community og Anne Mette Hjelle/IT-forum Vest

18:05 - 18:25

Norse Materials ved CEO, Frode Lindvik. Teknologi i materialutvikling og ei praktisk tilnærming til kva nytte og bruk vi som tradisjonell industribedrift har av KI.

18:25 - 18:45

Jarle Gjengedal, advokat og personvernombod i Convene Group. Alle brukar KI no – er verksemda klar for det? Eit kort innblikk i personvern, sikkerheit og erfaringar frå arbeidslivet.

18:45 - 19:05 Pause og Pizza

19:05 - 19.25

Caverion v/Ann Kristin Longva, avd.leiar Nordfjordeid. Teknologi i energieffektivisering, rehabilitering, nybygg, service og drift av bygg.

19:25 - 19:45 “Rundt bordet”-samtalar om kva dette betyr for oss i Nordfjord - deling i plenum

19:45 - Mingling og prat rundt bordet

Stor takk til Normatic som sponsar pizza. Vi treng å vite ca. kor mange vi blir, så fint om du melder deg på her.

Forrige
Forrige
3. juni

TechPub på Peak Sunnfjord

Neste
Neste
14. september

Studietur til Paris