1. Digital beredskap og tilpassingsevne

Vi hjelper verksemder og organisasjonar i Vestland til å vere ein god del av totalberedskapen i Noreg. Målet er å byggje beredskapskultur, ikkje berre beredskapsplanar – og å løfte digital tryggleik frå IT-problem til leiingsansvar.

FOKUS: Vi tek særleg omsyn til å involvere og mobilisere aktørar i Vestland, der behovet for ein uavhengig, samlande arena er størst og tilgangen til ressursar er minst.

Kjerneaktivitetar:

  • Beredskapsarenaer

  • Kople oss til Statens Vegvesen, Statsforvaltaren, NSM, DSB, Digdir og andre.

  • Felles kommunikasjonsnettverk og situasjonsforståing mellom organisasjonar.

  • Konnektivitet og redundans som beredskapsinfrastruktur og digital grunnmur.