Desse er allereie medlemmer i IT-forum Vest

  1. Atea AS

  2. Bergen Fiber AS

  3. CloudWay AS

  4. Digitaliseringsdirektoratet

  5. Enivest AS

  6. Framtidsfylket AS

  7. Helse Førde

  8. Høgskulen på Vestlandet

  9. Høyanger Næringsutvikling AS

  10. Innovasjon Norge, Vestland

  11. Inviro AS

  12. KS Vest-Norge

  13. Kunnskapsparken Vestland

  14. Lotteri- og stiftelsestilsynet

  15. Sognenett AS

  16. Sogn Næring AS

  17. Sparebank 1 Sogn og Fjordane

  18. Statsforvaltaren i Vestland

  19. Sunnfjord Utvikling AS

  20. UBSC AS

  21. Stiftinga Vestlandsforsking

  22. Vestland fylkeskommune

Vil du også bli medlem?

Vi ønskjer alltid nye motiverte medlemmer i Vestland velkomne!

Dette får du som medlem:

  • Tilgang til nyttig og verdifullt nettverk både i offentleg og privat sektor, FoU og akademia i regionalt i Vestland og nasjonalt

  • Strategisk og praktisk sparringhjelp frå administrasjonen/styret til å løyse problem og nå eigne mål, t.d søknadsskriving og hjelp til å opne dører.

  • Tilgang til ein arena og kanal for partnarskap og samfunnsansvar mtp berekraft

  • Høve til å påverke politiske og administrative prosessar i våre høyringsuttaler

  • Høve til å påverke tema og innhald på våre arrangement

  • Deltaking i felles merkevare

Dette kostar medlemskapet:

Vår medlemskontingent er endra frå tidlegare. Frå året 2024 er den differensiert på storleik på medlemsverksemdene. Dette vil gjere det enklare å bli medlem, særleg for dei aller minste organisasjonene med få tilsette og for nystarta verksemder.

  • NOK 5 000,- for verksemder med fem tilsette eller mindre og under NOK 5 mill i årleg omsetnad.

  • NOK 20 000,- per år i kontingent for verksemder med meir enn fem tilsette eller meir enn NOK fem mill i årleg omsetnad.

  • Dotterselskap av eksisterande medlemmer i IT-forum Vest får 50 % rabatt.

  • Gründerbedrifter stifta innan dei tre siste åra får 1-års gratis medlemsskap.

PS. Den årlege fakturaen har to spesifiserte linjer med “Medlemskontingentar” og “Serviceavgift”. Dette er tilsvarande fordeling som for ei rekkje andre organisasjonar og er knytt til at IT-forum Vest er mva.-registrert og kjøper tenester for aktuelle aktivitetar. Kontingenten er utan mva., medan serviceavgifta er med mva.

Les meir om oss og våre vedtekter.

Ta kontakt om du har spørsmål. Om du vil melde deg inn, fyll ut og send inn innmeldingsskjemaet her.

Innmeldingsskjema