Tilbake til alle arrangementer

TechPub på Peak Sunnfjord

  • IT-Forum Vest 25 Hafstadvegen Førde, Vestland, 6800 Norway (kart)

Bli med på Techpub på Peak

Kva skjer når eit menneske treng hjelp? Når ein storm nærmar seg? Når vi overvåkar eit bygg, eller eit fjell? Teknologi er ikkje abstrakt. Den reddar liv, forhindrar ulykker, og gjer oss trygge. Kvar einaste dag. I denne techpuben møter du folk som bygger og brukar desse systema i praksis.

Kom og lær meir om korleis observasjon, automatisering og intelligens gjer Sunnfjord – og Norge – tryggare

Dette arrangementet, der Vilje Helseklynge og Atea er medarrangørar, passar for deg som jobbar med teknologi, eller berre er nysgjerrig på kva teknologi kan gjere for oss. 

IT-forum Vest er arrangør av Techpub på Peak Sunnfjord under karriereveka Elevate 3. juni. Atea og Vilje Helseklynge er medarrangørar. Du er hjerteleg velkomen til å bli med!

Program

17:30–18:00
Velkomst: Pizza (spandert av Tekna), bar og uformelt mingel.

18:00–18:05
Velkomen v/Anne Mette Hjelle (IT-forum Vest), Gro Rukan (Vilje Helseklynge) og Kristine Sand Johnsen (Atea)

18:05–18:25
Alarmsentralen IKS: Korleis vi passar på folk i 16 kommunar i gamle Sogn og Fjordane, kvar einaste dag.
Roy Humlestøl, teknikar i Alarmsentralen

18:25–18:45
Atea – E-helse og kapasitet
Fleire eldre utan fleire tilsette, og mange meiningar om teknologi. Korleis navigerer Atea mot å doble omsorgskapasiteten i kommunane?

Jo Inge Gåsvær, rådgivar i velferdsteamet i Atea

18:45–19:05
Pause: Bar, snacks og tekprat ved borda

19:05–19:25
NVE – sikkerheit og beredskap
Teknologisk overvaking av natur- og fjellparti: satellittar, radarar og varsling

Brigt Samdal, direktør for skred- og vassdragsavdelinga i NVE

19:25–19:45
Automatisering i praksis
Intelligente løysingar som overvåkar og kontrollerer system innan bygg, vatn, avløp og maritim sektor

Andre Narud Simonsen, Normatic

19:45–20:05 Pause: Tekprat og mingel

20:05–20:25
Robotar og autonome system
Når robotar blir autonome – vegen til store åtferdsmodellar og framtida

Per Christian Engdal, assisterande instituttleiar, HVL Førde

20:25–20:40
Refleksjon og diskusjon – open mikrofon
Kva tek du med deg? Kva kan vi gjere i Sunnfjord?

20:40–21:30
Open mingel
Snakk med innleiarar, fagfolk og andre frå regionen 

Arrangementet er gratis, men du må booke deg billett i forkant. 

Forrige
Forrige
29. april

Techpub for Nordfjord

Neste
Neste
3. september

Techpub for Nordfjord