Bli med på ny Techpub for Nordfjord!
Dato: 2.10.2025
Tid: Kl. 17:30 - 19:45
GRATIS FOR ALLE!
Vi gjentek suksessen og går for ny TechPub med innlegg, mat og mingling!
TechPub er ein uformell møteplass for alle som er interessert i teknologi – enten du er gründer, student, leiar, IT-ansvarleg eller berre nysgjerrig på kva som rører seg i den digitale verda. Her kan du møte likesinna, dele idéar, bli inspirert og kanskje til og med finne nye samarbeidspartnarar.
Det blir korte faginnlegg om teknologi (sjå program), vi byr på ein matbit (pizza)og det blir sal av forfriskningar.
TechPub held fram etter fagprogrammet, slik at du kan henge med andre techinteresserte i Nordfjord.
Program:
17:30 - 18:00 Mat og mingling.
18:00 - 18:05 Velkomen v/Merethe Stave, senior cloud architect i CloudWay / Norwegian Microsoft 365 Community og Anne Mette Hjelle/IT-forum Vest
18:05 - 18:30 Fysisk KI. Peder Smart Sefland, CEO BrAInXR Company
18:30 - 18:50 Pause og Pizza
18:50 - 19.10 Digital nattevakt og helseteknologi v/Hilde Barmen, rådgjevar helseteknologi i Stad kommune
19:15 - 19:45 Sofaprat, open mikrofon/spørsmålsrunde, oppsummering
19:45 - Mingling og prat rundt bordet