Start nyåret med Techpub for Nordfjord!
Dato: 29.1.2026
Tid: Kl. 17:30 - 19:45
GRATIS FOR ALLE!
Vi gjentek suksessen og går for ny TechPub med innlegg, mat og mingling!
TechPub er ein uformell møteplass for alle som er interessert i teknologi – enten du er gründer, student, leiar, IT-ansvarleg eller berre nysgjerrig på kva som rører seg i den digitale verda. Her kan du møte likesinna, dele idéar, bli inspirert og kanskje til og med finne nye samarbeidspartnarar.
Det blir korte faginnlegg om teknologi (sjå program), vi byr på ein matbit (pizza)og det blir sal av forfriskningar.
TechPub held fram etter fagprogrammet, slik at du kan henge med andre techinteresserte i Nordfjord.
Program:
17:30 - 18:00 Mat og mingling.
18:00 - 18:05 Velkomen v/Merethe Stave, senior cloud architect i CloudWay / Norwegian Microsoft 365 Community og Anne Mette Hjelle/IT-forum Vest
18:05 - 18:25 Smakebitar av det siste nye KI frå Microsoft og andre:
Siste nytt frå Microsoft Ignite v/Merethe Stave, CloudWay as (pdf)
Techtrendar som vil prege 2026 v/Anne Mette Hjelle, Ymsir as / IT-forum Vest (pdf)
18:25 - 18:50 Pause og Pizza
18:50 - 19.15 “Rundt bordet”-samtalar om kva dette betyr for oss i Nordfjord
19:15 - 19:45 Sceneprat, open mikrofon med mini-innlegg (vi ser deg gjerne på scena) og spørsmålsrunde
19:45 - Mingling og prat rundt bordet
Takk til SFE for sponsing av pizza! Det viser at dei er med på å støtte det lokale techmiljøet i Nordfjord!