Bli med på TechPub for Nordfjord!
Innlegg, mat og mingling
Bli med på TechPub på Magnifikk på Nordfjordeid! Dette er ein uformell møteplass for alle som er interessert i teknologi – enten du er gründer, student, leiar, IT-ansvarleg eller berre nysgjerrig på kva som rører seg i den digitale verda. Her kan du møte likesinna, dele idéar, bli inspirert og kanskje til og med finne nye samarbeidspartnarar.
Det blir korte faginnlegg om teknologi, vi byr på ein matbit og det blir sal av forfriskningar.
TechPub held fram etter fagprogrammet, slik at du kan henge med andre techinteresserte i Nordfjord.
Program:
17:30 - 18:00: Mat og mingling. Velkomen!
18:05 - 18:30: #IT-sikkerheit. Er det fortsatt mulig å beskytte seg selv? Tomas Andersen, sikkerhetsansvarleg i LocalHost
18:30 - 18:55: Har du god Teams-kultur? Bli klar for Copilot v/Merethe Stave, senior cloud architect i CloudWay/Norwegian Microsoft 365 Community
18:55 - 19:15: Kva kan KI gjere for deg? Demo og praktiske døme av ulike KI-verktøy v/rådgjevar Anne Mette Hjelle, Ymsir AS/IT-forum Vest
19:15 - 19:45: Sofaprat, open mikrofon/spørsmålsrunde, oppsummering
19:45 - Mingling og prat rundt bordet
Påmelding: Vi treng å vite ca. kor mange vi blir mtp. pizza, så fint om du melder deg på her. Maten er raust sponsa av LocalHost i Måløy :-)