KI-entusiastisk advokat, industribyggaren og ein sjeldan kvinneleg leiar
Lokale Techpub'ar er noko av det som gir mest meining for oss. Deling av erfaring og kunnskap om utvikling og bruk av teknologi. Lågterskel møteplass. Uformelt, inkluderande, triveleg og lærerikt! Onsdag 3. september var det Techpub for Nordfjord på Gloppen Hotell på Sandane.
Techpub på Gloppen Hotell samla gledeleg nok også ein del kvinner. Det likar vi! Framme f.v. på bildet nederst til venstre - Merethe Stave og Anne Mette Hjelle frå IT-forum Vest. Bildet i midten nede viser f.v. dagleg leiar Frode Lindvik i NORSmaterials AS, advokat Jarle Gjengedal i Convene og Ann Kristin Longva, avdelingsleiar i Convene på Nordfjordeid.
NORSmaterials - smartare ved hjelp av kunstig intelligens (KI)
Frode Lindvik, dagleg leiar i NORSmaterials AS, opna med å slå fast at dei er ei industribedrift, med avanserte problem. Bedrifta utviklar kundetilpassa polyuretanløysingar for offshore, maritim næring, havbruk og forsvar, komponentar som skal tåle slitasje, støyt, sjøvatn og kjemikaliar.
Poenget hans var at kunstig intelligens ikkje kom inn hos dei som eit stort IT-prosjekt. Dei starta med tre enkle spørsmål: Kan dette spare oss tid? Kan det gi betre kvalitet? Kan det gjere noko vi elles ikkje rekk? I dag brukar dei KI i sal, teknisk dokumentasjon, kvalitet og HMS, HR og leiing. Mange små gevinstar heller enn éin stor revolusjon. Eit konkret døme var vegen frå eksisterande instruks til ferdig opplæringspakke med test og kompetansedokumentasjon. Kompetanse blir avgjerande, la Lindvik vekt på og løfta fram det viktige samarbeidet med Fagskulen Vestland: - Vi treng ikkje berre fleire KI-spesialistar. Vi treng produksjonsfolk, teknikarar, ingeniørar og leiarar som forstår korleis KI kan brukast i deira eige fag.
Les heile presentasjonen til Lindvik her.
«Nei før hei» – eller «ja, men korleis?»
Jarle Gjengedal frå Convene er ein KI-entusiastisk advokat! Han tok utgangspunkt i sin eigen veg frå IT til juss og no til KI-studium ved NHH. Han leier juridisk avdeling i eit konsern med sjølvbeteningsløysingar brukte av over 100 millionar menneske, der data, tryggleik og tillit er heilt grunnleggjande. Dei brukar i dag KI mest til intern prosessforbetring, men det blir meir og meir aktuelt i sjølve produkta. Han og dei tilsette i avdelinga Legal bidrar i stor grad som ressursar i personvernspørsmål og skal sørge for at bedrifta føljer mange ulike regelverk som GDPR, Ai Act, Dora for finansinstitusjonar m.m. Dei er sterkt involvert i risikovurderingar ved innkjøp av nye system eller endring av prosessar som har med personopplysningar å gjere.
Som ein del av NHH-studiet testar han no systematisk om KI kan auke fart og kvalitet utan å svekkje det juridiske skjønnet. - KI kan finne mykje, men også oversjå alvorlege forhold; juristen må framleis kontrollere. Det interessante no er å finne ut meir om kva for oppgåver KI kan gjere åleine, kva som kan gjerast i eit samarbeid mellom menneske og KI og kva menneske må gjere heilt på eigen hand.
Han peika på skugge-KI som ei reell utfordring for mange: tilsette som nyttar seg av gratis KI-tenester, ikkje fordi dei er uforsiktige, men fordi dei prøver å vere effektive. Svaret er ikkje forbod åleine. Verksemdene må tilby trygge alternativ og enkle spelereglar, kartleggje kva verktøy som faktisk er i bruk, velje konkrete pilotar med låg risiko, måle effekt og gi opplæring. Kanskje må juristane slutte å seie «nei før hei», og heller bli skikkeleg gode på «ja, men korleis?».
Les heile presentasjonsnotatet til Gjengedal her.
Større ansvar for eigen læring
Ann Kristin Longva, ein av to kvinnelege leiarar i mannstunge Caverion, er avdelingsleiar for Caverion på Nordfjordeid. Ho fortalde om korleis dei arbeider med teknologi i energieffektivisering, rehabilitering, nybygg, service og drift av bygg. Ho la vekt på at dei gjer mykje meir enn automasjon. Behovet er stort for å auke kompetanse på teknologien og domenekunnskap no når KI er blitt så vesentleg. Det betyr at den enkelte tilsette må ta eit større ansvar for eiga læring. I dag må dei vite litt om alt for å kunne gjere jobben godt. Det krev meir av tilsette no, særleg med tanke på kommunikasjon og sikkerheit. Les om Caverion Nordfjordeid her.
Takk for raus deling!
Stor takk til Frode Lindvik i NORSmaterials AS, Jarle Gjengedal i Convene og Ann Kristin Longva i Caverion for innsikt, inspirasjon og gode råd. Radarparet Merethe Stave og Anne Mette Hjelle frå IT-forum Vest fekk denne gongen hjelp av Gloppen næringsorganisasjon og - som alltid i Nordfjord, Inviro AS.