Studietur: Kva lærte vi av La French Tech?
I midten av september reiste ei studiegruppe frå IT-forum Vest til Paris for å sjå nærare på eit av Europas mest omtalte innovasjonsøkosystem - La French Tech.
«Takk for dypdykk i fransk innovasjonsarbeid! Solid faglig opplegg og superhyggelig reisefølge! »
LA FRENCH TECH er ei koordinert merkevare og økosystem som bind saman startups, inkubatorar, akseleratorar, investorar og offentlege instituasjonar i Frankrike. I dette ligg ein felles identitet som gjer det enklare for globale investorar å oppdage franske startups. Det har gitt resultat!
Fransk næringspolitikk på nært hald
Frankrike har vore det mest attraktive landet i Europa for utanlandske investeringar sju år på rad, og har bygd opp eit apparat av offentleg kapital, nasjonal merkevarebygging og industripolitikk som få andre land kan vise til. Studieprogrammet på turen var sett saman av Innovasjon Noreg i Paris, i samarbeid med IT-forum Vest, og tok oss frå dei store linjene i fransk næringspolitikk til heilt konkrete erfaringar frå norske selskap som held på å byggje seg opp i marknaden.
Det mest nyttige var kanskje ikkje tala, men nyansane: at ein marknad som er tjue gonger større enn den norske ikkje er tjue gonger enklare. At eit produkt må lokaliserast og ikkje berre omsetjast. Og at eit selskap ikkje blir internasjonalt før dei lokale marknadene får ei stemme i den strategiske tenkinga.
Kort oppsummert:
Måndag 14. september – hos Innovasjon Noreg og Bpifrance
Martin Nygaard, Den Norske Ambassaden i Paris: Noreg og Frankrike har aldri samarbeidd tettare politiske enn no. Det opnar for mange moglegheiter, særleg innan forsvarsindustrien og helseteknologi. La French Tech er ei sterk satsing, men innovasjon skjer mellom menneske. Nettverk, møteplassar og gode relasjonar er avgjerande.
Janne T. Morstøl, Innovasjon Noreg: Frankrike har vore nummer éin i Europa på utanlandske investeringar sju år på rad, og har 252 selskap på FT 1000-lista mot Noregs 7. Bak ligg eit tiår med reformer, La French Tech og France 2030 – men òg høgt skattetrykk og tunge administrative prosessar. Frankrike har no gjort internasjonalisering til eit system, ikkje noko kvart selskap må finne ut av sjølv.
Janne T. Morstøl, Innovasjon Noreg: Kontoret i Paris hjelper norske verksemder med marknadsinnsikt, vekststrategi, marknadsinngang og posisjonering. Dei mest lovande sektorane i 2026 er ny energi, grøn maritim sektor, forsvar og rom, digitalisering og KI, og helseteknologi.
Stéphane Tombre, Kvass France: «Frankrike er ikkje Noreg i stor skala.» Målet bør ikkje vere å eksportere den norske modellen, men heller finne ut korleis det vi er gode på i Noreg kan skape verdi i Frankrike. Segmentering er heilt avgjerande. Finn ut kven som er den beste første kunen, ikkje prøv å selje til "Frankrike". Internasjonalisering tek lengre tid enn eigarar og investorar ofte ønskjer. Det krev både kapital og tolmod.
Frode Lindvik, NORSmaterials: Om selskapet frå Sandane som konkurrerer internasjonalt på spesialisert materialteknologi, med Subsea7, TGS og Kongsberg Maritime på kundelista. Eksporterer saman med kundane. Vil meir.
Raphael Didier, Bpifrance: Staten tek den risikoen private bankar ikkje kan ta, og trekkjer privat kapital etter seg – 3,4 milliardar euro i innovasjonsfinansiering i 2025.
Le Hub: Bpifrance er ikkje berre investor, men operativ partner for dei over 350 porteføljeselskapa, med oppdrag, rekruttering og forretningskoplingar.
Yann Sander, Bpifrance: Deeptech-planen har sidan 2019 bygd eit økosystem på 2 830 selskap, 15 einhjørningar og 50 000 arbeidsplassar.
Tysdag 15. september – bedriftsbesøk
Exail Technologies: Børsnotert konsern med 2 500 tilsette og 80 % eksport, med teknologi i bruk på norske ubåtar og i norsk seismikk, og eige selskap i Noreg sidan 2023. Ønskjer fleire samarbeidspartnarar i Noreg.
Antoine Tesniere, PariSante Campus: Omvisning og info om storsatsinga der dei samlar alle nøkkelaktørar innan helseinnovasjon og digital teknologi på ein plass.
Adlin Science, PariSanté Campus: Plattform for strukturerte helsedata der institusjonen beheld full kontroll, og der Adlin sjølv aldri får tilgang til data.
Eric Cohen, Agile Capital Markets: Har henta over 1,2 milliardar euro til helseselskap. Kapitalinnhenting er ein konkurranse. Ver 100 % klar før du startar.
Tilbod til alle: For dei som vil lese presentasjonane vi fekk undervegs, gå hit (Dropbox-mappe) og last eventuelt ned.