Julehelsing frå IT-forum Sogn og Fjordane

Gode medlemmer av IT-forum Sogn og Fjordane!

Vi er ved enden av eit aktivt og godt år. I 2018 har vi markert oss med stor aktivitet og svært gode resultat for IT-forum! Styret er stolte over kva vi i IT-forum Sogn og Fjordane (Sfj) får til gjennom organisert dugnad i nettverk og partnarskap. Dette er i sanning eit spleiselag til felles beste og vi håpar vi i lag lukkast med å halde energien og krafta oppe for å løyse utfordringane framover. Nettverket har blikket retta framover og jobbar med eiga rolle i det nye fylket, Vestland.

Her er nokre høgdepunkt frå arbeidet i 2018:

  • Årsmøte 2018: Val av ny leiar og nytt styre. Årsmøtet la vekt på at styret måtte prioritere strategiarbeid for å finne kva rolle vi skal ta i den nye regionen.

 

  • Styrearbeidet: Vi har hatt fire styremøte i år og desse møta har handla mykje om strategiarbeid, men også organisering av eige arbeid, planlegging av aktivitet, nettside og kommunikasjon. Vi har etablert oss med styrechat/intranett på Facebook, dokumentlager i Google Drive og vi har endra utsjånad på nettsida, gjort tiltak for å vere i tråd med GDPR og auka frekvensen på aktuelle innlegg. Vi har også lagt vekt på synlegheit gjennom media, noko som har ført til at vi totalt siste året er nemnd i 85 artiklar i media i Sogn og Fjordane. Delte artiklar på Facebook og LinkedIn kjem i tillegg. Takk for at de bidrar med å løfte fram partnarskapen vår!

 

  • Strategiarbeidet: Her har sekretariatet levert to viktige grunnlagsdokument i år. Det første er den historiske dokumentasjonsrapporten om IT-forum som inkluderer ein publisert vitskapleg artikkel. Styret gav oppdraget i 2017 til forskarane Corneliussen og Larsen i Vestlandsforsking.  Det andre er kartlegginga sekretariatsleiar Ivar Petter Grøtte gjorde gjennom intervju av eit utval medlemmar om eigenart og retningsval for IT-forum i det nye Vestland. Begge leveransane vart presentert og drøfta med representantskapen på haustmøtet. Vi fekk mange gode innspel tilbake, som vi tek med inn i det vidare arbeidet med strategi.  Ein studietur til Wien vart først planlagt i 2018, men nettverket vedtok etter høyring at ein studie- og drøftingstur til Bergen på nyåret er nyttigare med tanke på strategiarbeidet. Avtalar vert no gjort.

 

  • Ny IT-utdanning på plass: Prosjektsatsinga etter studieturen i 2014 for ny IT-utdanning vart i 2018 krona med suksess. Nytt høgskulestudium vart starta opp i fylket etter år med hard kamp frå IT-forum og andre i spleiselaget for finansiering, forankring og god nok studentsøknad. Prosjektgruppa er framleis leia av Gunnar Hæreid, tidlegare leiar av IT-forum Sfj. Han og gruppa vil også i 2019 jobbe hardt for å sikre søkartal slik at studiet blir verande i fylket og for å støtte og utvikle innhaldet i studiet i tråd med behova prosjektsatsinga har dokumentert. Prosjektet har også støtta to søknader om midlar til å gjennomføre LAN i Førde og Måløy. Styret i IT-forum har elles bidrege med støtteskriv til it-utdanningar på vidaregåande nivå i år.

 

  • Haustsamling i november i Førde. Her var over 50 medlemmar og interesserte samla for å la seg inspirere av gode foredrag og lokale satsingar, og for å delta i diskusjonen om framtida for nettverket. Vi fekk mange nyttige innspel.

 

  • Næringsdagane 2018 i Balestrand i mai. IT-forum var som tidlegare medarrangør for dette vellukka arrangementet. Næringsbarometeret, NHO-konferansen, IT-forumkonferansen og Høgskulen i Sogn og Fjordane sine næringskonferansar fann det i 2015 rett å slå seg saman til Næringsdagane. I år var konferansen lagt til Balestrand 2.-3.mai. Programmet var imponerande, ramma var perfekt, og tema var: NÅR MENNESKET MØTER TEKNOLOGI – VERDIEN AV ARBEID.

 

  • IT-forum breiband. Ny nasjonal tildeling på 17 millionar til utbygging av breiband i fylket vart sikra frå NKOM. Fylket vårt har med dette gjort det best av alle fylke i dei seinare år. IT-forum har og vore aktive for å dokumentere behov for og presse fram nye midlar til breiband i revidert, samt påverke kriterium for fordeling av midlar. Alt har lukkast. Arbeidsgruppa har og gjennom året hatt tett dialog med kommunane i informasjonsmøte, med Nasjonalt Breibandråd og med sentrale breibandutbyggarar. Nettverkinga var særleg aktiv på den unike TelekomWorld -konferansen i Førde i år. Konklusjonen må vere at arbeidsgruppa IT-forum breiband har igjen gjort ein særs god jobb i tett samarbeid med fylkeskommunen.  Arbeidet held fram i 2019, med første strategimøte 10.januar.

 

 

  • IT-forum digitalisering er etablert som ny arbeidsgruppe i 2018. Arbeidsgruppa inviterte til fagdag om digitaliseringsutfordringar i kommunane på Scandic Sunnfjord Hotel, torsdag 1. februar.

    Arbeidsgruppa vil framover jobbe med ei satsing på e-signering og Miside for kommunane i Sogn og Fjordane. Deltakarar i prosjektet er kommunane, Vik, Førde og Eid. Det er planlagt ei samling for alle kommunane i februar.

 

  • IT-forum Velferdsteknologi har også i år stor aktivitet. Prosjektet «Velferdsteknologi for kommunane i Sogn og Fjordane» inviterer alle kommunane i Sogn og Fjordane til å delta i arbeid med velferdsteknologi i pleie- og omsorgstenestene.  Fylkesprosjektet har også spela ei sentral rolle i å søkje nasjonale midlar til arbeidet med velferdsteknologi. Sidan våren 2017 har 9 kommunar frå Sogn og Fjordane delteke i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet, og desse er i 2018 inne i den andre fasen av dette "spreiingsprosjektet".

 

  • Kvinner i innovasjon: IT-forum Sfj ved styreleiar deltek framover i eit prosjekt kalla “Kvinneløftet FixIT”, som skal bidra til å auke kvinner si deltaking i forskings- og innovasjonsfeltet i Sogn og Fjordane og Hordaland. Vestlandsforsking ved Hilde G. Corneliussen er prosjektleiar for FixIT, som er eit samarbeid med Høgskulen på Vestlandet med representantar frå FORREGION-prosjekta Teknoløft Sogn og Fjordane og Kabis i Hordaland. I tillegg er ei breitt samansett gruppe som inkluderer privat og offentleg sektor involvert, med IT-forum Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge, samt kvinnenettverka Girl Geek Dinners i Førde og Bergen og Oda-nettverket for "kvinner i tech", avdeling Bergen.

 

 

Vi håpar du likar det du les og at du og din organisasjon held fram med å støtte og bidra til jobben som blir gjort i nettverket.

Med desse orda, så ønskjer vi i styret alle ei god jul og eit godt nytt år!

 

Med venleg helsing

Anne Mette Hjelle

Styreleiar IT-forum Sogn og Fjordane