Næringsdagane 2016

Næringsdagane 2016: Framtidas arbeidsliv

Næringsdagane i 2016 har temaet "Framtidas arbeidsliv" og vert opna av NHO-president Tore Ulstein. 

IT-forum er medarrangør av Næringsdagane 2016. Arbeidslivet i framtida vil- både i privat og offentleg sektor- bygge tungt på digitalisering, teknologi og læring.

Programmet er klart og inneheld dei fremste føredragshaldarane i landet på sine respektive felt. Om kvelden blir det som alltid festmiddag.

Næringsdagane blir halde på Hotel Alexandra 11.–12. mai.

IT-forum-konferansen er innlemma i Næringsdagane, og IT-forum er med i programkomiteen.

To ulike, men spanande, foredragshaldarar på Næringsdagane 2016


Aage Thunem, Sintef IKT – Teknologien som endrar næringslivet.
Thunem leiar SINTEF IKT, eitt av åtte institutt i SINTEF-konsernet. Instituttet har spisskompetanse innafor avansert IKT og digitalisering, og arbeider med forsknings- og utviklingsoppdrag, forskningsbaserte rådgjeving, laboratorietenester og småskalaproduksjon. SINTEF IKT jobber inn mot nesten alle samfunnssektorer og industriar.
Dei utmerkar seg også med å jobbe tett i lag med både små verksemder og store konsern. 

Oscar Hellenes, LOTEL eit døme på delingsøkonomi.
Delingstenesta Airbnb konkurrerer mot hotella – også i Sogn og Fjordane. 282 registrerte utleigeeiningar i fylket betyr at framtida er her, men er dei nye tenestene berre eit problem? Han fortel korleis dei har bygd ei ny næring på ei ny næring. 

Foredraga på konferansen er no tilgjegelege på påmeldingssida. Du finn dei her.

På nettsida for næringsdagane 2015, kan du sjå programmet for i fjor.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Årsmøte IT-forum breiband og høyringsmøte 1. april

Neste
Neste

Implementering av velferdsteknologi i kommunane