Digital inkludering
Vi skal bidra til at alle kan vere inkludert i det digitale samfunnet
Om lag 14 % av befolkninga over 16 år har liten eller ingen digital kompetanse (jf. Kompetanse Norge-rapport 2021).
At ei så stor gruppe opplever digitalt utanforskap er svært alvorleg.
Har du ikkje digital kompetanse, så blir du ståande utanfor. Alle må få like moglegheiter til å bruke tenester og tilbod for å kunne ta del i utdanning, arbeidsliv og samfunnslivet elles. Det er også eit stort problem med tanke på tilgang til kompetent arbeidskraft i Vestland.
Digital inkludering er ein tvilling til komplett digital infrastruktur.
Vi skal bidra til at alle kan vere inkludert i det digitale samfunnet. Vi vil løyse ut potensialet i breie samarbeid mellom brukarar, frivillige og lokale styresmakter.
Tiltak for å nå mål
Erfaringsformidling – dele gode døme
Skape møteplassar og dialog mellom generasjonar
Bidra til å utvikle og mobilisere samhandling mellom frivillige organisasjonar og brukarar/tenester, t.d. skaffe finansiering
Legge vekt på universell utforming, t.d. i samarbeid med Digdir og uutilsynet
Legge til rette for opplæring på tvers av ulike tekniske løysingar
Motivere til å bruke grunnskule og vgs for å utløyse potensiale for å bidra i sine lokalsamfunn
Kontaktpersonar
Hilde G. Corneliussen, Vestlandsforsking
hgc@vestforsk.no
Ivar Petter Grøtte, IT-forum
ipg@vestforsk.no
Bakgrunn
IT-forum har over tid arbeidd med helse og it for fylket. Innsatsen har vore stor og får mellom anna omtale på fylkesmannsbloggen i 2009. I 2013 endra arbeidsgruppa namn frå «IT-forum eHelse» til «IT-forum velferdsteknolgi» for å synleggjere komande satsing på velferdsteknologi.
Eit forprosjekt i 2005 klargjorde, samordna og planla ei større satsing på effektiv bruk av IKT og breibandteknologi for eit utval tenester innafor helse og omsorg i skjeringspunktet mellom kommunar og helseføretak. Deretter har arbeidsgruppa gjennomført og støtta prosjekt som «Fylkesdekkande IT-tenester for helse i Sogn og Fjordane 1 & 2», «Meldingsløftet Sogn og Fjordane» og «Meldingsløftet i kommunane Fase II». Fylket vart i 2009 det første der alle kommunar hadde bestilt Norsk Helsenett-infrastruktur. IT-forum har vore pådrivar for elektroniske meldingar mellom Helse Førde og kommunane, og deretter var IT-forum ein pådrivar for meldingar mellom legekontor og helse og omsorgstenesta. Å følgje opp og fullføre dette har og vore viktig i 2014.