Breiband
Breibanddugnad sidan 2003
Sidan 2003 har spleiselag mellom offentleg og privat sektor sikra fylket fleire hundre millionar kroner til breibandutbygging.
IT-forum breiband utvikla strategiplanen for breiband i S&Fj vedteken av S&Fj fylkeskommune. Planen har følgjande målsetteing i 2020: Minimum 100 Mbit/s synkront samband til alle bedrifter og minimum 30 Mbit/s til husstandar i Sogn og Fjordane til same pris som i sentrale strok innan 2020.
Næringslivet sine krav til nye tenester og låg pris og husstandane sine krav til god kapasitet og tenester som til dømes trippel play (breiband - telefon – tv) skal stettast. Prisane og tenestene skal vere minst like gode som landsgjennomsnittet. Dette er også føringar som er tatt med i framlegg til breibandstrategi for Sogn og Fjordane. Sjølv om denne planen er teknologinøytral, er vårt ”endelege” mål eit fylke der alle har fibersamband i heimen.
IT-forum Sogn og Fjordane har også teke initiativ til å starte Nasjonalt Breibandråd, der no dei fleste fylkeskommunene er med.
Alle kommunane i fylket er medlemmar gjennom sine regionale it-samarbeid. I tillegg er næringsliv, både brukarar og leverandørarav breiband medlemmar. Vidare er fylkesnivået og FoU med. Årsmøtet i Breibandforum vel eit arbeidsutval som står for styringa av aktivitetane i året.
Arbeidsutvalet i 2016:
Helge Følid, SYS-kommunane - leiar (fram til sommaren 2016, då tek Geir Svendsen over vervet)
Geir Svendsen, Sogn regionråd
Alfred Bjørlo, KS S&Fj - vara er Laura Kvamme
Paul Ottar Tornes, Nordfjordrådet
Ivar Petter Grøtte/Øyvind Heimset Larsen, Vestlandsforsking
Kristian Todal, Nordfjord Vekst /Næringslivsrepresentant
Bjørn N. Sørensen, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Olav Skarsbø, Sogn og Fjordane Fylkeskommune (observatør)
Medlemmer i 2015:
| Datainstituttet AS | NHO Sogn og Fjordane | Sogn Regionråd |
|---|---|---|
| Enivest AS | Nordfjord Regionråd | Stryn kommune |
| Fjord1 | Nordfjordeid Næringshage AS | Sunnfjord Energiverk |
| Flora kommune | Økonor Gloppen AS | Sunnfjord Næringsutvikling |
| Fylkesmannen i S&F | Sognenett AS | Telenor |
| Høgskulen i Sogn og Fjordane | Sogn og Fjordane Energi | Vestlandsforsking |
| IKT SYS | Sogn og Fj. Fylkeskommune | Årdalsnett AS |
Alle kommunane i fylket er medlemmar gjennom sine regionale it-samarbeid/regionråd. I tillegg er næringsliv, både brukarar og leverandørar av breiband medlemmar. Vidare er fylkesnivået og FoU med.
Donec id justo non metus auctor commodo ut quis enim. Mauris fringilla dolor vel condimentum imperdiet.