Leverandørnettverk

Arbeidsgruppa endrar no sitt namn frå "IT-forum Digitalt entreprenørskap" til "IT- forum leverandørnettverk"

Styringsgruppa for "Digitalt entreprenørskap" i IT-Forum Sogn og Fjordane hadde sitt første møte 9. september 2010, via HD videokonferanse. Illustrasjonsbiletet er frå eit medlemsmøte i Måløy.

Nettverket er ope for alle bedrifter i Sogn og Fjordane som leverer eller driv med utvikling av nye produkt og tenester basert på digital teknologi. Målet er å fremje samarbeid mellom medlemene, byggje nettverk og dele erfaringar.

Ønskjer du å melde deg inn i nettverket? Ta kontakt med leiar Arild Nybø på epost Arild@mediebruket.no

Innmelding i IT-forum leverandørnettverk

Leverandørnettverket omfattar alle bedrifter i Sogn og Fjordane som produserer IT-relaterte varer og tenester. Målet med nettverket er m.a. å gjere bedriftene meir kjende for kvarandre med tanke på samarbeid og kompetansedeling, men også å gjere dei meir kjende overfor kundegruppene. Pris for medlemskap i dette nettverket er kr. 1.000,- pr. år. 

For å melde bedrifta nn: Skriv litt om kva de driv med og kven som er kontaktperson, og send meldinga til koordinatoren i nettverket, Arild Nybø, på epost arild@mediebruket.no

Arbeidsgruppa endrar namn

Styret vedtok i desember 2013 å endre namn på gruppa til "Leverandørnettverket". Bakgrunnen er eit ønskje om å femne om alle typar IT-leverandørar i Sogn og Fjordane, ikkje berre oppstartsbedrifter innan webteknologi og datalagring slik det har vore første åra. I tillegg ønskjer arbeidsgruppa å vere eit samla talerøyr for bransjen i samband med offentlege innkjøp, og å kunne ha t.d. felles marknadsføringstiltak utanfor fylket.

Mange av bedriftene i nettverket er høgt spesialiserte, og sjølv om dei fleste er forholdsvis små har dei gjerne bygd seg opp eit kjent namn i relevante fagmiljø nasjonalt og internasjonalt. Men innad i Sogn og Fjordane er dei gjerne mindre kjende, også blant bedrifter i same eller tilstøytande bransjar.

Oppsummeringsblokk
Blokken er ugyldig. Kontroller innstillingene for blokker, og prøv på nytt.
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Implementering av velferdsteknologi i kommunane

Neste
Neste

Breiband