Deling, læring og samarbeid i ITF-nettverket

Eit viktig mål for oss er å legge til rette for deling, læring og samarbeid i vårt nettverk. Studieturen vår til København i byrjinga av juni var eit av fleire tiltak for å nå dette målet.

Formålet med besøket var å hente inspirasjon og innsikt i korleis Danmark arbeider strategisk med digitalisering, tiltrekking og utvikling av digitale talent, velferdsteknologi og smarte byar – med særleg vekt på utstrakt samarbeid mellom offentleg og privat sektor.


Danmark har i fleire år vore rangert som verdsleiar på digitalisering, mykje grunna ein offensiv nasjonal strategi og tydeleg digitalt leiarskap. Dette kom klart til uttrykk gjennom samordna kommunikasjon og ei felles forteljing på tvers av dei ulike aktørane me møtte:

  • Norges ambassadør i Danmark

  • Innovasjon Norge Danmark

  • Digital Hub Denmark

  • Nordic Health Lab

  • Queue-it

  • Frontdesk

  • Cbrain

  • IT-universitetet

    Stor takk til Team Norway i Danmark (Norges ambassadør i Danmark og Innovasjon Norge, Danmark), Nordic Health Lab, Digital Hub Denmark, Queue-it, FrontDesk, cBrain og IT-Universitetet i København for innsikt og deling av kunnskap og erfaringar.

    Tilbakemeldinga frå nestleiar og ny i styret, Karen Solheim Leiknes var klar:

    - Som ny i IT-Forum Vest vart dette èin god (pang)start. Danskane kan det! Og så er dei gjennomgåande stolte av å vere danskar - og dei veit kvifor dei er stolte. Er også mektig imponert over at alle framsnakkar kvarandre, til inspirasjon og påminning om å løfte i flokk. Og for èin flott gjeng å reise på tur med. Relasjonsbygging og dialogisk kraft for felles løft for regionen vår!

    ITF-nettverket i København var:

  • Ørjan Stubhaug i Invest in Fjordane

  • Karen Solheim Leiknes i Bergen Fiber

  • Odd Gurvin i Vestland fylkeskommune

  • Gro Rukan i den nye helseklynga i Sogn og Fjordane

  • Ola Alsterholm hos Statsforvalteren i Vestland

  • Ane Storås i Vestland fylkeskommune

  • Reidun Aasen Nesheim i Innovasjon Norge Vestland

  • Jorunn Skrede Klakegg i Advokatfirmaet Tollefsen

  • Ingrid Heggø i Høyanger Næringsutvikling

  • Kristine Kopperud Timberlid i Innovasjon Norge Danmark

  • Sander Nordby Larsen i Innovasjon Norge Danmark

  • Øyvind Heimset Larsen i IT-forum Vest/Vestlandsforsking

  • Ivar Petter Grøtte i IT-forum Vest/Vestlandsforsking

  • Anne Mette Hjelle i IT-forum Vest/Ymsir.

Foto: Anne Mette Hjelle

Neste
Neste

Bli med på studietur til København!