TechPub i Nordfjord samla over 40 tech-interesserte

Vi visste ikkje om det kom 4 eller 40 då vi saman med Inviro arrangerte TechPub for Nordfjord på Magnifikk på Nordfjordeid. Det kom 40. Veldig stas med nær fullt hus!

Ein stor takk til

  • Tomas Andersen frå Local Host for innlegg om sikkerheit og truslar.

  • Merethe Stave frå CloudWay for innlegg om kva som må til for å bli klar for Copilot.

  • Anne Mette Hjelle for innlegg om ulike KI-verktøy.

Ein ekstra varm takk til

  • Local Host som spanderte god pizza! Det gjer godt å få i seg litt mat før en skal i gang med læring/tenking/prossesering.

  • Arild Hjelmeland og Inviro AS som var med på ideen og ordna lokaler og påmelding.



    Det er når ein jobbar i lag og bygger kvarandre gode at ein får til bra ting! Og ikkje minst til engasjerte deltakarar som var med, stilte spørsmål og kom med tilbakemeldingar. Dette var ein god start og vi vil veldig gjerne gjere dette igjen. Vi anbefalar lokale verksemder å ta scena og dele sine erfaringer med innføring av teknologi (uavhengig av hvilken) og kva læringar, erfaringar og vegvalg som er tatt undervegs. Vi har massevis av tema å velge i mellom (det var og tydelig frå engasjementet i salen) og vi kan sette opp ein plan med fleire treff fram igjennom. 


    Ta kontakt med Merethe Stave og/eller Anne Mette Hjelle om du synes dette høyres interessant ut!

Neste
Neste

Inspirert av Danmark!