God påmelding på KI og pedagogikk-konferansen i Sogndal – 9. september 2025

Målet til partnarskapen, Høgskulen på Vestlandet (HVL), FCL-nettverket og IT-forum Vest, har vore å fylle Sogndal Kulturhus med deltakarar som vil utforske korleis KI kan gi nye moglegheiter i klasserommet. Vi proklamerte dette i saka frå november i fjor. Med over 200 påmelde er dette no nær ved å lukkast! Harvard-professor Sarah Newman vil dele innsikt i korleis lærarar kan bruke KI aktivt i undervisninga for å skape meir engasjement og betre læringsutbytte.

Neste programpost etter inspirasjon og lunsj vert vårt symposium på Campus Sogndal om vegen vidare og samarbeid. Også her er deltakinga god!

Kva slags forsking og samarbeid treng vi for å møte kunstig intelligens i utdanning og forskning? Kvar ligg moglegheitene for å jobbe saman – på tvers av fag, sektorar og institusjonar?

Meir informasjon om dagen finn du her.

Og det er framleis mogeleg å melde seg på her.

Vi gler oss!

Neste
Neste

TechPub i Nordfjord samla over 40 tech-interesserte