Vellukka arrangement 9.september

Dagen er godt dokumentert av  saka på HVL sine sider. Som medarrangør er vi særs godt nøgde.

Vi i IT-forum Vest heiar på vidare satsing og vil gjerne vere aktivt med vidare på langsiktig nettverksbygging og nye arrangement!

Vi vil gjerne og dele nokre punkt frå oppsummeringa hovedarrangør HVL, ved Ølmheim og Rogne, gjorde seg av dagen, samarbeidet og vegen vidare.


Dagen hadde tre delarrangement:

1. Hovudforedraget – eit ope og gratis arrangement med påmelding i Sogndal kulturhus, der Sarah Newman heldt foredraget Shaping AI with Human Values. Økta varte i 90 minutt og samla eit breitt publikum, inkludert lokalbefolkning utan direkte tilknyting til utdanning. Over 300 deltakarar i Sogndal utgjer ein stor mobilisering sett i høve til storleiken på både campus og region, og understrekar at små fagmiljø kan ha stor innverknad når dei arbeider målretta. Samstundes fekk arrangementet fram den store breidda av kompetansemiljø som er etablert lokalt i Sogn – frå forsking til næringsliv og offentleg sektor – noko som kan utløyse nye samarbeidsformer i framtida.

2. Symposiet – eit akademisk program på campus med inviterte deltakarar frå HVL, FCL-nettverket, Vestlandsforsking, Digdir og IT-forum Vest. Her låg fokuset på fordjuping, erfaringsdeling og kafédialogar rundt tema som kreativitet, partnerskap, vurdering og policy-utvikling. Denne delen synte HVL si rolle som møteplass for kunnskapsmiljø på tvers av sektorar.

3. Det sosiale arrangementet – eit samvær for inviterte gjester, lagt opp som ein arena for relasjonsbygging og felles opplevingar. Dette gav rom for å styrke tillit og nettverk mellom partnarane, og var ein viktig del av vertskapet frå HVL si side.

Samarbeid og finansiering

Symposiet og besøket av Sarah Newman vart realisert gjennom brei støtte og deltaking frå fleire aktørar. Arbeidet har hatt forankring i HVL si eiga satsing, med tillegg frå Framtidas klasserom-nettverket (FCL) og IT-forum Vest. I tillegg til finansieringsbidrag har Vestlandsforsking og IT-forum Vest deltatt på det akademiske programmet, og Vestlandsforsking har bidrege med formidling gjennom eigne oppslag om samarbeidet rundt KI i utdanning.

Den samla støtta frå desse miljøa har vore viktig for å gjennomføre arrangementet på ein måte som både har gitt fagleg tyngde, brei deltaking og lokal forankring. Støtta understrekar korleis symposiet har vore eit fellesløft, der HVL saman med regionale og nasjonale aktørar har lagt grunnlaget for vidare samarbeid om kunstig intelligens i utdanning

Konklusjon

Besøket av Sarah Newman og oppfølginga gjennom symposiet og evalueringa har gitt HVL eit sterkt fundament for vidare arbeid med kunstig intelligens i utdanning. Prosessen har synleggjort behovet for praktiske verktøy, tydelege rammer og langsiktig nettverksbygging

Neste
Neste

God påmelding på KI og ped-konferansen i Sogndal