Robotar, rollemodellar og rå inspirasjon på Jenter i tech!

Kva får du når du samlar mange hundre 9.klasse-jenter, eit mylder av lokale teknologibedrifter og eit rom fullt av robotar, helsedingsar og lykkehjul?

Svaret er: ein dag full av smil, nysgjerrigheit og framtidstru!

Nordfjordeid og Florø

IT-forum Vest var denne veka med på TECH-Jenter 2025 i Operahuset Nordfjord og Jenter og Teknologi på samfunnshuset i Florø. Vi var saman med ei rekkje andre aktørar som stilte med lokale rollemodellar og teknologi til å ta og føle på.

Jentene fekk møte inspirerande fagfolk frå nærområdet som delte sine eigne vegar inn i teknologiverda – frå 3D-printing, omvisning i kraftanlegg med VR-briller og helseteknologi til teknoligibruk i bygg, fiskeoppdrett, industri og sjøfart.

Teknologi i “alt”

Næringslivet forstår verdien av å få fleire jenter og kvinner engasjert i teknologi. Mangfaldet av bedrifter viste at det er teknologi i “alt”!

På IT-forum Vest sin stand kunne jentene teste robotar, sjå korleis teknologi blir brukt i helse og velferd, lage eigne KI-genererte avatarar ved hjelp av smart prompting, og ikkje minst – snurre lykkehjulet og vinne små premiar.

Stemninga var høg, og praten gjekk lett mellom latter, spørsmål og nye oppdagingar. Jentene møtte opp med opne sinn og stor entusiasme!

Gøy å vere rollemodell!

- Det er kjekt å vise fram kva helseteknologi vi nyttar i Stad kommune til alle jentene i 9. klassene i Nordfjord. Det er også gledeleg å høyre at dette kunne dei tenke seg å jobbe med. Det seier Hilde Barmen - ei av våre lokale rollemodellar. Ho leiar arbeidet med helseteknologi i Stad og demonstrerte både digital nattevakt,

- Dette var fole kjekt! Masse god energi og spennande å høyre kva ungdommane tenker! Veldig bra arrangement, seier Merethe Stave. Ho jobbar som Chief Customer Officer og Senior Cloud Architect i CloudWay.

- Det er fint å sjå så mange jenter lære om teknologi i yrkeslivet. Vi treng fleire jenter både til å utvikle og teste, seier vår 3. rollemodell, stipendiat Raquel Motzfeldt Tirach. Ho jobbar som forskar ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Førde, Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag.

Raquel forskar på bruk og integrering av samarbeidande robotar i industrien, automatisk datainnsamling og robotisering i landbruket og bruk og integrering av mjuke materiale i ein robotarm. i Florø hadde ho med små "robothundar som jentene kunne teste ut og styre sjølv. Dei fekk og teste ut programmet ho har laga som hjelper helsepersonell å trene opp t.d. slagpasientar.

Bilde seier meir enn ord, så kikk gjennom bildegalleriet frå jentetech-dagane på Nordfjordeid og i Florø under.

Neste
Neste

300 ville lære meir om KI i utdanning i Sogndal!