Ein lågterskel arena for teknologi og nettverk i Nordfjord

Ein enkel idé: møtast, dele erfaringar og sjå kva som skjer. Resultatet er nye nettverk og ny innsikt.

Teknologi utviklar seg i rekordfart. Men verdien av ny kunnskap blir først verkeleg stor når folk møtast, deler erfaringar og bygger relasjonar.

Det er nettopp dette som skjer på Techpub Nordfjord – ein uformell, men fagleg sterk møteplass der verksemder, teknologimiljø og enkeltpersonar samlast for å diskutere utfordringar, dele innsikt og skape nye idear.

To Techpub’ar og ein ny i januar

  1. I juni bidro Tomas Andersen, sikkerheitsansvarleg i LocalHost, om IT-sikkerheit. Merethe Stave i CloudWay gav gode råd og tips til korleis bli klar for Copilot gjennom god Teams-kultur. Anne Mette Hjelle orienterte om og delte tips om praktisk bruk av generativ KI som ChatGPT, Perplexity, Claude, NotebookLM og Jellypod. Nær 50 møtte.

  2. I oktober bidro Peder Smart Sefland, CEO BrAinXR Company, med innlegg om innovasjon og fysisk KI. Hilde Barmen, rådgjevar helseteknologi i Stad kommune fortalte om digital nattevakt og helseteknologi i Stad kommune, der ho er rådgjevar. 45 møtte.

  3. Neste Techpub skjer 29. januar på same stad til same tid, Magnifikk på Nordfjordeid kl. 17.30. Programmet er under arbeid.

Ein enkel idé: Møtast, dele og sjå kva som skjer!

Initiativet til Techpub for Nordfjord kom frå styremedlem i IT-forum Vest, Merethe Stave. Ho jobber som Senior Cloud Architect i CloudWay heime frå Stadlandet og har lang erfaring med digital kompetansedeling som Microsoft MVP (Most Valuable Professional). Ho flytta heim under pandemien og er ein viktig drivkraft for gode fagnettverk.

Arild Hjelmeland i Inviro AS var svært positiv når vi ba om samarbeid. Trioen som står bak er såleis Merethe, Arild og Anne Mette Hjelle - ho i administrasjonen i IT-forum Vest.

Kvifor er dette viktig?

For IT-forum Vest er kompetansedeling ein viktig aktivitet. For lokalsamfunn og regionar kan slike møteplassar vere avgjerande. Dei opnar rom for å dele kunnskap på tvers av bransjar, knyte kontaktar og oppdage nye moglegheiter. Det kan t.d. vere å koble seg på, eller få informasjon om nasjonale og internasjonale tech-fagnettverk. I ei tid der mykje arbeid skjer digitalt og på avstand, er det også ekstra verdifullt å møtast fysisk – og å sjå den kompetansen som faktisk finst lokalt.

Slike samlingar gjer at vi får auge på kompetansen her. Det blir lettare å samarbeide når vi kjenner kvarandre, melda ein av deltakarane. I tillegg skaper Techpub stoltheit og identitet. Når fagfolk ser at dei står i dei same utfordringane, oppstår både motivasjon og fellesskap. (Sitat frå ein deltakar.)

God timing!

Slike uformelle tech-samlingar er prøvd før, men utan at det “festa” seg. Kvifor fungerer det no? Arild Hjelmeland i Inviro AS peikar på at timinga er heilt rett:

  • Digitaliseringa rører ved alle verksemder. Det gir eit felles behov for å snakke saman på tvers.

  • Miljøet er meir modent. Tidlegare var aktørane meir fragmenterte, men no finst det fleire initiativ og større vilje til samarbeid.

  • Formatet er lågterskel. Det er uformelt og inkluderande, noko som gjer det lett å delta, også for dei som normalt ikkje oppsøker slike arenaer.

IT Forum Vest som samarbeidspart

Arild er glad for at IT Forum Vest er med. - Det gir tyngde og legitimitet. Dei bidreg med erfaring, nettverk og eit regionalt perspektiv som løftar Techpub inn i ein større samanheng.

Positive tilbakemeldingar

Deltakarane har i sine tilbakemeldingar trekt fram fleire ting:

  • God balanse mellom fagleg innhald og sosial tone

  • Nye kontaktar og gjenopna dialogar mellom verksemder

  • Ny innsikt i kor mykje kompetanse som finst lokalt

  • Etterspørsel etter fleire arrangement og konkrete tema framover

Kort sagt: Behovet er stort – og Techpub møter det.

Ei plattform for vidare vekst

Techpub-trioen Arild Hjelmeland, Merethe Stave og Anne Mette Hjelle har ambisjonen klar: Techpub Nordfjord skal bli ein fast møteplass der teknologi, næring og samfunn møtest. Målet er å bidra til at Nordfjord held fram som ein attraktiv stad å arbeide, bu og utvikle nye idear. Dette er i tråd med IT-forum Vest sin visjon om å skape ei god framtid for Vestland gjennom teknologi.

Når folk møtest, skjer det noko godt. Når fag delast, skjer det meir!

Forrige
Forrige

Enkel verktøykasse for digital beredskap

Neste
Neste

Robotar, rollemodellar og rå inspirasjon på Jenter i tech!