Enkel verktøykasse for digital beredskap
Årets IT-forum Vest konferanse handla om digital sikkerheit. Kva gjer vi når det skjer? Her finn du ei enkel verktøykasse for god digital beredskap.
Torgils Lutro i PST Vest deltok på IT-forum Vest konferansen 2025 og var i sitt innlegg svært tydeleg på eit spissa trusselbilde. Foto: Photoevent
Det vil skje digitale angrep og hendingar som går utover sikkerheita. Det er tydeleg i dei nasjonale trusselvurderingar gjort av NSM og PST. Vi vil bli satt på prøve i tida som kjem, men mange er ikkje førebudd. Det kan du gjere noko med.
Under finn du ei enkel verktøykasse for god digital beredskap. Les, vurder og last gjerne ned mal for vidare bruk. Dette er en praktisk mal som bedrifter enkelt kan ta i bruk. Den er utvikla av IT-forum Vest basert på Digital Norway-kurset "Cybersikkerhet for ledere: Fra lovkrav til beredskapsplan". Den sikrar informasjon om kven som gjer kva under eit angrep, kven de kontaktar, korleis du får gjenoppretta system og viktige data og kva de gjer i mellomtida.
Malen er bygd på tilrådingar frå Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) og tek utgangspunkt i beste praksis for norske verksemder. Den følger prinsipp i NIS2-direktivet og norsk sikkerheitslovgjeving.
Formål: Å gje verksemder eit praktisk verktøy for å handtere cyberangrep og sikkerhetshendingar på ein strukturert måte.
Sjekkliste beredskapsplan.pdf (frå Digital Norways kurs “Cybersikkerhet for ledere: fra lovkrav til beredskapsplan”)
Nødplakat for digitale angrep.pdf (frå Næringslivets sikkerhetsråd)
Til slutt: Her kan du sjekke kor godt sikra verksemda di er. Cybersjekk.no er utarbeida av Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) og gir eit raskt overblikk over eigen digital sikkerheit.