- En av de beste konferansene jeg har vært på - på lenge!

Orda tilhøyrer Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor Norge, som var ein av foredragshaldarane under årets IT-forum Vest konferansen. Digital beredskap var eit svært aktuelt hovudtema. Tilbakemeldingane når toppkarakter - nesten. Så varm takk til alle foredragshaldarane som stilte opp og delte historier, tips og råd!

Årets IT-forum Vest konferanse i Bergen var den 4. i rekka etter at vi starta opp att i 2022. Vi løfta Digital beredskap i praksis og spurte; er vi klare når det skjer?

Svaret på det avheng av kven du spør, men vi er nok samde om at mange framleis har ein veg å gå for å takle digitale truslar og hendingar. Vi veit dei vil kome. Og heldigivis - det er hjelp å få!

Her er presentasjonane som vi kan dele frå konferansen:

Bjørn Amundsen var ein av mange gode foredragshaldarar under årets konferanse. Foto: Photoevent

30 tilbakemeldingar med denne scoren indikerer ein vellukka konferanse med tidsriktig tema.

Sjå fotoglimt frå konferansen. Alle foto: Photoevent.

Neste
Neste

Enkel verktøykasse for digital beredskap