Sjå, test og lær. VR-dagen i Førde viste teknologien i praksis

Som medarrangør av VR-dagen 25. mars fekk IT-forum Vest vere ein del av noko heilt særskilt: Ein arena der teknologi og helseteneste møttest ansikt til ansikt, og der mange gjekk heim med nye perspektiv på kva som er mogleg.

IT-forum Vest har alltid hatt som mål å byggje bruer mellom teknologi og dei som bruker det i kvardagen. Denne dagen var det Vilje Helseklynge som stod i front, men IT-forum Vest er glade for å ha vore ein aktiv medspelar i arrangementet.

Breiddesatsing

Dagen samla eit breitt publikum, frå helsefagelevar og sjukepleiarstudentar i starten av karrieren til erfarne klinikarar og teknologiutviklarar. Det er nettopp den breidda IT-forum Vest ønskjer å vere med å skape: møteplassar der ulike fagmiljø kan lære av kvarandre. Her er nokre døme på ulike fagmiljø:

VR i prehospitalt arbeid

Per-Erik Eide Hjelle frå ambulansetenesta i Helse Førde gav eit konkret innblikk i korleis VR-simulering blir brukt til å trene på vanskelege situasjonar i prehospitalt arbeid, inkludert situasjonar med aggresjonsproblematikk som er vanskelege å øve på på anna vis. Han delte lærdomar frå val av konsept og praktisk gjennomføring, og viste at teknologien allereie er godt forankra i det faglege opplæringsarbeidet. Dette er både fleksibelt, praktisk og effektivt i kursing av tilsette, sa han.

VR i rehabilitering og behandling

Tarja Rajalahti Kvalheim ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i Fjaler brukar VR i behandling og deltek i forsking. Ho viste korleis dei brukar VR i opptrening og viste til forsking og tilbakemeldingar frå pasientar. Dei fortel korleis dei blei oppslukt av VR og kjende seg beskytta, korleis musikken og rytmen ga glede, energi og uthaldenheit, om smertelindring og at dei utfordra seg sjølv til å bryte barrierer. Svaret på spørsmålet om VR er underhalding eller behandling er ja takk, begge deler. Effekten må vurderast i klinisk praksis. VR er ikkje nødvendigvis eigna for alle, men gir umiddelbar nytte for nokre pasientar.

Også Jeanette Svarstad, fysioterapeut og Phd-kandidat ved Helse Førde viser til bruk av VR i rehabilitering av pasientar med akutt hjerneslag. Her trener dei opp balanse, hurtigheit, koordinasjon og armfunksjon i eit virtuelt rom ved bruk av VR-briller og handkontrollar. Dette bidreg også til å styrke motivasjonen for trening.

VR i sjukepleieutdanning

Marianne Hoff frå VID vitenskapelige høgskole løfta fram korleis VR blir brukt aktivt i sjukepleiarutdanninga – i mange ulike former og samanhengar. For IT-forum Vest, som arbeider for auka teknologibruk i offentleg sektor, var dette eit godt døme på at teknologien ikkje krev meir modning – han krev vilje til å ta han i bruk.

Lars Kyte, dosent ved HVL, fortalte korleis dei brukar teikning og VR i anatomi-undervisning. Studentane har rapportert at bruk av VR-briller gir dei større forståing for plassering av anatomiske strukturar og stort læringsutbytte. Men Kyte adresserte også dei praktiske utfordringane ved innføring av VR-teknologi i utdanning som svimmelheit ved bruk av VR, at VR-programmet må vere kompatibelt med nettverket på campus, at det krev IT-kompetanse og økonomi. VR-program er ikkje gratis! Det viktigaste er likevel å vite kva ein ønskjer å oppnå pedagogisk ved bruk av VR.

VR som verktøy i arbeid med barn og ungdom

Selskapet Fornix brukar VR i arbeid for Mental helse og inkludering, m.a. med barn og ungdom. Mellom anna viste dei til ein pilot med å lære elevar med autismespekterforstyrrelse i alderen 12-15 år Soft skills, eller sosiale ferdigheiter og engstelse. Her lærte dei ved hjelp av VR å halde i gang samtalar / small talk, jobbintervju, møte og mingling. Språk og arbeidstrening er også område der dei brukar VR aktivt med gode resultat. Dei skreddarsyr virtuelle verdener der meistring, auka livskvalitet og innovasjon møtast.

VR og sikkerheit/personvern

Sindre Bakken frå Helse Vest IKT løfta fram eit tema IT-forum Vest kjenner att frå eiga konferanseverksemd: sikkerheit og personvern når VR-løysingar skal inn i spesialisthelsetenesta. Han viste til Trusselvurdering 2025, og det digitale trusselbildet mot spesialisthelsetenesta, og delte kva tiltak dei har sett inn: Eit eige VR, ihelse.net wifi med brannmur, blokkering, kommunikasjon og mulighet til å følge med på trafikken. Dei testar ut Pico G3.

Samarbeid

Slike dagar minnar oss på kvifor IT-forum Vest eksisterer: for å vere der teknologi og samfunn møtest, og for å sørgje for at Vestlandet er med der det skjer. Vi ser fram til fleire samarbeid med Vilje Helseklynge, og til å sjå VR-teknologien vekse vidare inn i helsetenesta.

Ved Making View-standen fekk deltakarane teste VR-simulering sjølve og sjå kva brukaren opplevde på skjermen ved sidan av. Making View tilbyr m.a. kursing i demensomsorg og brannslukking. Foto: Anne Mette Hjelle

Per-Erik Eide Hjelle fortalte om korleis VR-simulering blir brukt som opplæringsverktøy i ambulansetenesta og la vekt på at dette både er effektivt, fleksibelt og trygt. Foto: Anne Mette

Lars Kyte, dosent ved HVL, fortalte korleis dei brukar teikning og VR i anatomi-undervisning. Dette motiverer studentane til betre læring. Foto: Anne Mette Hjelle

Sindre Bakken frå Helse Vest IKT løfta fram eit tema IT-forum Vest kjenner att frå eiga konferanseverksemd: sikkerheit og personvern. Når sjukehuset tilbyr VR som ein del av behandlingstilbodet, påtek dei seg også ansvaret for å beskytte pasientane sine data. Det er ikkje berre berre når VR-leverandørar heiter Meta og Pico. Det krev streng tiltak. Foto: Anne Mette Hjelle

Sjå fleire fotoglimt frå VR-dagen. Alle foto: Anne Mette Hjelle, IT-forum Vest

Neste
Neste

- En av de beste konferansene jeg har vært på - på lenge!