IT-konferansen - ein god restart!

Årets IT-konferanse er over, den første sidan 2014. Det blei ein god restart. Omlag 100 deltok på lunsj-til-lunsj-konferansen på Voss. Tilbakemeldingane er gode og mange svarar at dei kan tenke seg å delta på framtidige IT-konferansar.

I denne saka finn du innhald frå konferansen, både foto, presentasjonar og videointervju.

Kva er status for breiband i regionen? Kvifor har det skjedd og kva er drivarane bak? Høyr samtalen mellom styreleiar i IT-forum Vest, Christiane Ulriken, Arne Joramo i Telecom Revy og Tore Nyhammer i Bergen Fiber. Han er også styremedlem i IT-forum Vest.

Vi har nokre område der vi er på topp i Europa, men vi har også nokre blindsoner. Det handlar mykje om kompetanse på ulike nivå. Styrk strategisk kompetanse på leiarnivå for å forstå både moglegheitere og risikoar. Så må vi huke tak i dei som er i utdanning. Det var hovudpoenga til ekspedisjonssjef i Distrikts- og digitaliseringsdepartementet, Jan Hjelle, i samtale med Eirik Norman Hansen.

Statsforvaltar i Vestland, Liv Signe Navarsete er opptatt av kor viktig partnaskapen IT-forum Vest er opp mot breibandutbygging og beredsskap. Samarbeid er avgjerande skal vi lukkast.

Forrige
Forrige

Bra nivå på breibandsmidlar til Vestland i 2023

Neste
Neste

Våre innspel til ny distriktsmelding